Kultur | 28. apr. 2017

Tar med seg esker med «gull» til Ulvenmarknaden

S. Tvedt, som legg ned etter sommaren, er butikken som har «alt». No tar Tove med seg «alt» til Kolskogen.

Tar med seg esker med «gull» til Ulvenmarknaden
Tove Tvedt Skarstein med dei første av mange esker med gamle delar som ho vil selja på Ulvenmarknaden i morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. apr. 2017 08:45

Bildeserie:

Øyvind Tøsdal og Gustav Bahus frå arrangør Os Skysslag. (Foto: KVB)
Øyvind Tøsdal og Gustav Bahus frå arrangør Os Skysslag. (Foto: KVB)
Finbilparkering høyrer med. (Foto: KVB)
Finbilparkering høyrer med. (Foto: KVB)
Tove tar med seg delar til alt frå motorsag til moped. (Foto: KVB)
Tove tar med seg delar til alt frå motorsag til moped. (Foto: KVB)
Treng du delar til ein skiftenøkkel? (Foto: KVB)
Treng du delar til ein skiftenøkkel? (Foto: KVB)
... eller clutchtrekk til ein Panter? (Foto: KVB)
... eller clutchtrekk til ein Panter? (Foto: KVB)
– Det var ikkje alt eg har hjarte til å selja, seier Tove om desse varene. (Foto: KVB)
– Det var ikkje alt eg har hjarte til å selja, seier Tove om desse varene. (Foto: KVB)
1 av 6

Ti timar med torghandel og bilutstilling - laurdag går årets versjon av Ulvenmarknaden av stabelen på parkeringsplassen ved Os vidaregåande skule.

– Til no har eg selt eit trekkspel og ein globus, sa utstillar Asbjørn Nyhaug til Midtsiden i fjor.

Han hadde reist frå Sula utanfor Ålesund til Os for å selja ting han hadde i boden. Om han fekk dekka inn drivstoffutgiftene var han nøgd.

• Les òg: Rekord for Ulvenmarknaden (med stor bildeserie)

Utstillarar frå blant anna Trøndelag og Kristiansand kjem til Ulvenmarknaden i år. Arrangørane er like spente på kva ein lokal seljar har å by på.

– Det går ein del i motordelar til bil og motorsykkel, men utstillarane sel også mykje til hus og heim, frå leikar og blad til litt nostalgi, seier Gustav Bahus frå Os Skysslag.

– Vi er veldig spente på kva Tove Tvedt Skarstein har med seg, butikken hennar er jo fylt med perfekte varer til marknadar som denne.

Skal legga ned

Det var i januar i år at Tove Tvedt Skarstein fortalte at 31. juli blir siste opningsdag for to av dei tre butikkane hennar på gateplan under rådhuset.

Leikebutikken og den 94 år gamle jernvaren blir avvikla, mens ho held fram med å driva damemotebutikken Madam Ane.

Ho har ikkje byrja med opphøyrssal, men no nyttar ho Ulvenmarknaden til å selja nokre av varene ho har i hyllene heilt bakerst i butikken, varer som har vore med på å gje S. Tvedt eit omdømmet «butikken som har alt».

Delar til det meste

Midtsiden var innom då Tove fylte varebilen sin med 30-40 esker med mykje rart.

– Det er ikkje alt eg har hjarte til å selja, fortel Tove, som blant anna har lagt vekk muesumsliknande gjenstandar, som strikk som damene kunne spenna opp på sykkelen for å unngå at skjørtet vikla seg inn i spilene.

– Sjå her; 25 øre stykket, med prislapp med farfar si handskrift.

Samtidig er det mykje som ho veit er skrot for dei fleste, men gull verdt for enkelte andre.

– Dette er frå ei tid då alt kunne reparerast, og du fekk delar til alt. Her er eske på eske på delar til alt frå barnevogner og trehjulssyklar til motorsager og mopedar.

«Siste sjanse»

For å gjera det enkelt for seg sjølv, og for kunden, vil Tove selja eske for eske.

– Vil du ha eit clutchtrekk til ein Panter-moped så må du kjøpa heile eska. Samtidig er prisen fin, lover ho.

Eit eksempel er ei eske med 78 viftereimer, verdt 16.000 kroner til saman. Prisen på eksa er 600 kroner.

Andre esker kostar 50 og 100 kroner.

– Eg ser fram til å stå i Kolskogen med desse varene. Eg besøkte sjølv Ulvenmarknaden i fjor, og fann mykje spennande, blant anna nokre garnkuler til hytta, seier Tove Tvedt Skarstein.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.