Tar sommarferie utan heimesiger
Os henta seg inn igjen mot Strømsgodset 2, men gjestane hadde meir å by på.
Os - Strømsgodset 2 2-4 (2-2-)
Målskårarar, Os: Mats Cato Moldskred og Roger Ekeland
Dagens Os-spelar: Roger Ekeland
Knut Jordal fekk debuten sin i 85. minutt, og klarte seg godt dei gongane han var involvert.
Siste heimekamp på Kuventræ blei ein våt og tung måndag for Os.
Heimelaget starta svakt, låg under 0-2 etter 10 minutt, men reiste seg, reduserte til 1-2 etter kort frispark og lang driblerunde av Mats Cato Moldskre, og utlikna til 2-2 ved Roger Ekeland etter fint samarbeid med kaptein Marius Mikkelsen i boks.
– Eg synest vi kom oss veldig og styrte andre del av førsteomgangen, men samla sett var vi ikkje gode nok i dag, i alle fall ikkje mot eit lag som Strømsgodset 2, seier Os-trenar Endre Brenne.
Det såg ut til å bli ein omvendt kamp i forhold til det vi har sett på Kuventræ tidlegare i år, der Os har gjeve vekk leiinga, men andre omgang starta med nok ein kalddusj.
Gjestane fekk straffe i 50. minutt og auka til 2-4 i 68. minutt.
Os skapte ein del sjansar på stillinga 2-3, men fekk ikkje ballen i mål. Nokre gode innlegg og ein chip av Ekeland over både keeper og mål, var det nærmaste dei kom.
Lufta gjekk etterkvart ut av Os. I 77. minutt fekke Vegard Skeie sitt andre gule kort etter ei takling på sidelinja midt på banen.
Os har berre tatt eitt poeng på fem heimekampar denne våren. Fredag avsluttar dei vårsesongen med bortekamp mot Fjøra.
– Vi har hatt mange fine kampar i vår, og skal ikkje henga for mykje med hovudet over det vi presterte i dag. No blir det fokus på komande kamp, seier Brenne.
På bortebane har Os vore langt sterkare, der står dei med 3 sigrar, 1 uavgjort og 1 tap etter 5 kampar.