Lokal | 28. nov. 2020

Tar straumen i 375 hus på Strøno og Drange søndag

– Sidan mange er på heimekontor tar vi det ein søndag, seier BKK Nett.

Tar straumen i 375 hus på Strøno og Drange søndag
BKK Nett sin base i Kolskogen. I morgon skal ti tilsette på søndagsjobbing. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. nov. 2020 19:14

BKK Nett varslar straumutkopling på Drange søndag.

375 abonnentar mister straumen - planlagt utkopling er frå klokka 09.00 til 16.30.

Område som mister straumen er Drangsvegen, Drangsneset, Balandsneset, Vassvikvegen, Strønevegen og Skotøya. (Skorvatjørn var med i oppramsinga, men det er feil).

– Alle kundane som mister straumen skal no vera varsla. Vi beklager ulempene dette eventuelt gir. Normalt prøver vi å utføra denne typen arbeid i kvardagane, men sidan mange sit på heimekontor i desse koronatider, tar vi det ein søndag, seier Eva Aarbakke Rognsvåg, prosjektleiar i BKK Nett.

Ved å ta det ein søndag slepp dei òg å uroa drifta til Drange Bruk eller Dranges Båtservice.

To nye trafokioskar

Årsaka til straumutkoplinga er at BKK Nett skal erstatta ein eldre trafokiosk på Drange med to nye. Den gamle trafokiosken står oppe i ei høg mast.

– Om ikkje vi skiftar ut denne trafokiosken, er det risiko for at folk i området blir straumlase i lengre tid ved eit eventuelt straumbrot, seier prosjektleiaren.

Etter orkanen «Nina» i januar 2015 var det Drange som hadde det verst, når det kjem til straumbrot.

– Nokre kundar i området har dessverre opplevd blinking i lysa i periodar. Årsaka er låg spenning. Dette problemet forsvinn når vi i morgon får dei to nye trafokioskane i drift.

– Arbeidet må gjerast i dagslys. Eigentleg er dette to jobbar, men vi har samla dei til éin dag, så kundane slepp å mista straumen to gongar.

Ti tilsette kjem til å vera i sving på og langs Drangsvegen i morgon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.