Korona | 14. des. 2021

Tar tidlegare juleferie

Også opningstider i SFO og barnehage er del av dagens lokale vedtak.

Tar tidlegare juleferie
Den idylliske, innelukka bakgarden på Borgafjellet barneskule. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. des. 2021 13:52

Med regjeringa sine ferskaste smitterverntiltak, som triumfar dei lokale vedtatt fredag, er det innført gult smittevernnivå ved alle barnehagar og skular i Noreg, og raudt nivå ved vidaregaånde skular og vaksenopplæring.

Kommunal kriseleiing i Bjørnafjorden har sete i møte frå klokka 09.30 i dag. Skule, SFO og barnehage har vore tema.

– Leiinga innan oppveksteininga vurderer det som utfordrande å innføra gult nivå, sidan det er høgt fråvær i barnehagane og skulane.

På gult nivå kan ikkje tilsette brukast på kryss av klassar på same måte som på grønt nivå.

For å klara å gjennomføra krava til gult nivå, må opningstida i barnehagane og SFO reduserast.

Siste skuledag før jul er 17. desember, og det blir kortare opningstid i kommunale barnehagar og SFO.

– Situasjonen i barnehagane og skulane er krevjande, med stor slitasje på dei tilsette som er på jobb som følgje av det høge fråværet blant personalet, og mykje smitte blant barn og unge.

Kommunal kriseleiing (KKL) i Bjørnafjorden kommune har difor vedtatt følgjande:

1. Felles og kortare opningstid for alle dei kommunale barnehagane og SFO:

Ny opningstid er kl 08-15.30.

Denne gjeld frå og med torsdag 16. desember 2021, og så lenge vi er på gult smittevernnivå (vedtatt nasjonalt minimum fire veker).

Føresette i samfunnskritiske funksjonar, som på grunn av jobbsituasjonen ikkje har moglegheit til å levera og henta innanfor den nye opningstida, kan søkja om utvida tilbod. Informasjon om dette kjem frå kvar enkelt barnehage.

2. Endring i skuleruta: Siste skuledag for skule og SFO er 17. desember 2021, ikkje 20. desember som opphavleg vedtatt.

Skulane må ta igjen denne ekstra dagen i løpet av vårsemesteret.

Føresette i samfunnskritiske funksjonar, som treng SFO-tilbod måndag 20. desember, kan søkja om det. Informasjon om dette kjem frå rektor ved kvar enkelt skule.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.