Bergen tinghus. (Foto: KVB)
Bergen tinghus. (Foto: KVB)

Tatt med 300 gram cannabis

Mann frå Os tiltalt for oppbevaring av narkotika.

Kjetil Vasby Bruarøy
14. september 2020 - 9:57

Ein mann i 30-åra frå Os er tiltalt for oppbevaring av narkotika.

Onsdag 30. september må han møta i retten etter ei ransaking i juli 2019.

Ein fredag ettermiddag i fjor sommar blei han tatt med 70 gram hasj i jakkelomma. Under ransaking blei det funne yttarlegare 230 gram marihuana.

Straffeloven (2005) § 79 bokstav b blir brukt. Denne handlar om fastsetjing av straff utover lengstestraffa grunna gjentaking.

 

Les meir om

Lokal Politi