Lokal | 09. nov. 2016

Tatt med 70 gram amfetamin

Sikta påsto det var til eige bruk.

Tatt med 70 gram amfetamin
Sikta blei tatt på Halhjem med 5 gram amfetamin. Seonare blei han tatt med nesten 70 gram i Bergen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. nov. 2016 22:10

Ein mann frå Bergen blei i november i fjor tatt med 5 gram amfetamin på Halhjem ferjekai.

I april og mai blei han tatt med 23 og 45 gram amfetamin, begge tilfella var i Bergen.

Mannen, som er i 40-åra, var i tillegg sikta for eitt tilfelle av køyring i amfetaminrus og tre tilfelle av køyring utan gyldig førarkort.

Sikta møtte i retten og samtykka i avgjerd ved tilståelsesdom. Han er tidlegare dømt tre gongar og hadde ein rest på 46 timar samfunnsstraff etter ein dom i 2015.

Han blei dømt til 6 månadar fengsel, der 46 timar samfunsstraff blei tatt med som ein fellesdom.

Domfelte tok betenkningstid etter at han fekk dommen lest opp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.