Lokal | 13. feb. 2019

Tatt med 900 tablettar

Kvinna blei dømt til fengsel i 7 månadar, men slepp å sona straffa.

Tatt med 900 tablettar
Bergen tinghus. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. feb. 2019 09:20

Ei kvinne i 30-åra frå Os er dømt til 7 månadar fengsel for heleri av sykkel og for oppbevaring av narkotika.

I mars i fjor blei ho tatt med stolen sykkel heime ved husværet sitt. Ho hadde samtidig 17,39 gram metamfetamin, 0,54 gram amfetamin og cirka 2 gram hasj heime.

I mai var politiet på ransaking igjen. Då fann dei 900 tabletter rivotril (klonazepam), 14,11 gram metamfetamin og 1,59 gram hasj.

Innrømte alt

Kvinna møtte i retten og sa seg skyldig.

Sykkelen hadde blitt plassert i husværet av ein gjest. Då gjesten hadde gått, gjekk tiltalte på butikken, og då ho kom tilbake var politiet på staden. Ho sa ho rekna med at sykkelen var stolen, men at ho ikkje tenkte så mykje over det der og då. Retten meiner kvinna har vore uaktsam.

Også då politiet fann 900 rivotril i boden hennar i mai, var kvinna ærleg. Politiet spurde om ho hadde meir narkotika, og ho viste dei kvar resten var.

Takka ja til ND-program

Tiltalte er tidlegare straffa for narkotikasaker, sist i januar 2017.

Utgangspunktet for straffutmålinga er oppbevaring av 900 rivotril-tablettar, som tilseier ei straff på 5 månadar fengsel. Oppbevaring av 17,39 gram metamfetamin og 14,11 gram metamfetamin tilseier ei straff på 120 dagar.

Aktor la i retten ned påstand om at straffa kunne utsetjast på vilkår med prøvetid på 2 år, mot at tiltalte gjennomfører narkotikaprogram med domstolskontroll (ND). Personar som er avhengige av narkotika og blir dømt for narkotikalovbrot kan dømmast til ND-program.

Tiltalte samtykka i gjennomføring av ND-program.

Ho blei dømt til 7 månadar fengsel, men soning av straffa blir utsett på vilkår mot at domfelte gjennomfører programmet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.