Tatt med narkotika nyttårsaftan
Politiet har tre innslag i loggen etter inngangen på det nye året.
Bjørnafjorden politistasjon fortel om ei ganske roleg vakt 31. desember og natt til 1. januar, og har tre innslag i loggen.
– Litt før klokka 21 fekk politiet melding frå Nore Neset om eit bosspann som hadde brent opp, opplyser vakthavande.
Eigar hadde sløkt brannen sjølv. Det er mogleg at vedkomande vil melda forholdet.
I 02-tida blei ein mann i slutten av 20-åra kontrollert på Søfteland. Vedkomande er meldt for besittelse av narkotika.
Rundt klokka 05 fekk politiet melding om støy frå ein fest i utkanten av Os sentrum.
– Ein 19 år gamal gut fekk pålegg om å slå av musikken og avslutta festen. Han etterkom ikkje dette, og vil bli meldt for ikkje å retta seg etter pålegg frå politiet.