Lokal | 24. apr. 2019

Tatt med - og på - narkotika

To menn vart i går kveld tekne av politiet på Halhjem - begge var rusa, og på dei fann politiet tablettar dei ikkje skulle ha.

Tatt med - og på - narkotika
To menn vart i går kveld tekne på fergekaien på Halhjem med tablettar dei ikkje skulle ha - begge var i tillegg rusa. (Ill.foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 24. apr. 2019 13:38

Lensmann Oddbjørn Dyrdal fortel at politiet kom over dei to relativt vaksne mennene ved fergekaien på Halhjem i ni-tida i går kveld.

– Dei var til fots, og begge stod fram som rusa på narkotika. Det vart òg funne tablettar på dei som ikkje var lovleg føreskrive av lege, fortel Dyrdal.

Den eine, ein mann i 40-åra var ikkje heimehøyrande i Vest politidistrikt, mens den andre, ein mann i 30-åra kjem frå Os.

Det vart gjennomført avhøyr av den eine mannen på staden fortel Dyrdal.

– Han erkjente tilhøvet. Han andre var ikkje heilt i form til å gjennomføra noko avhøyr der og då, så det tek vi etterkvart.

Begge mennene vart etterkvart dimittert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.