Lokal | 07. apr. 2019

Tatt med over 120 gram hasj

Då politiet sjekka mobiltelefonen til jenta, blei det avslørt at det òg hadde vore amfetamin i husværet.

Tatt med over 120 gram hasj
Politiet gjorde to større beslag på to ulike adresse i løpet av knappe éin månad. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 07. apr. 2019 09:10

Ei jente i tenåra blei i desember 2017 tatt med 93,11 gram hasj i ein liten koffert på ei adresse i Os.

Då politiet sjekka mobiltelefonen hennar, såg dei av sms-utveksling at det også hadde vore amfetamin i husværet, men at dette var fjerna. Det viste seg at faren hadde tatt beslag i dette ein dag eller to i forvegen.

Politiet reiste heim til faren og fekk med seg 8,24 gram amfetamin.

I januar 2018 var jenta, saman med venar, og henta 29,6 gram hasj. Politi i sivil stoppa jenta på ei anna adresse i Os, og tok beslag også i dette partiet.

Beslaga er store nok til at straffa kunne blitt fengsel utan vilkår, men jenta er i rehabiliteringssituasjon, og retten fann samfunsstraf som passande. Jenta er dessutan tidlegare ustraffa og relativt ung.

Ho blei dømt til 45 timar samfunnstraff med gjennomføringstid på 120 dagar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.