Tatt med sprettertar og narkotika
To personar er meldt.
Laurdag morgon i 09.30-tida kontrollerte politiet tre personar på Os terminal.
– Dei hadde på seg mindre mengder narkotika og nokre ulovlege sprettertar, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon i ein rapport.
Sprettertane er i ein kategori som blir omhandla av våpenforskrifta § 3-6.
Det er oppretta sak på to av personane. På spørsmål om alder, svarer politiet at begge er over 30 år gamle.
Tidlegare på morgonen i dag, i 07.40-tida, fekk politiet melding om ein busspassasjer som var så full at han ikkje kunne gjera reie for seg.
Vedkomande, som er i 30-åra, blei overtatt av helsevesenet.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.