Fotball | 20. jan. 2026

Tatt opp som fast medlem av Wolfsburg sitt A-lag

«Har konsekvent vist seg fram» uttaler klubben om Linnea Sælen sitt opprykk.

Tatt opp som fast medlem av Wolfsburg sitt A-lag
Dei norske venninnene Linnea Sælen og Anny Kerim-Lindland er begge tatt opp eit nivå. Foto: VfL Wolfsburg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 20. jan. 2026 21:46

I august i fjor gjekk Linnea Sælen frå Arna-Bjørnar på nest øvste nivå i Norge til Wolfsburg sitt U20-lag, som speler på nest øvste seniornivå i Tyskland, med kontrakt ut 2028.

I dag blei det kjent at ho, saman med den norske venninna Anny Kerim-Lindland, er tatt opp som fast medlem av A-lagstroppen.

– På grunn av den jamne framgangen dei har hatt dei siste vekene, blir dei no tatt fast inn i troppen til A-laget og vil bli vidare følgde opp der. Hovuddelen av speletida deira vil likevel framleis vera på U20-laget, seier Ralf Kellermann, direktør for kvinnefotballen i VfL Wolfsburg, i ein artikkel på klubben si heimeside.

Status som permanent medlem av A-laget er likevel eit stort steg nærmare øvste nivå i Tyskland. Og resten av verda.

VfL Wolfsburg ligg i skrivande stund på 2. plass i Bundeligaen. Hos UEFA er dei rangert som 6. beste klubb, framfor PSG, Real Madrid og Juventus.

– Ho fekk beskjed under treningsleiren på Malta tidlegare i januar. I går blei A- og U-lag informert om uttaket, og i dag byrja det å dukka opp i media, inkludert klubben si heimeside, seier pappa Tommy Sælen.

– Korleis reagerte ho på beskjeden?

– Ho er ikkje ei jente som tar av, seier Tommy og ler.

– Men ho sa at ho hadde ein god nyheit, og ho var jo sjølvsagt glad.

På treningsleiren, som var for A-laget, fekk ho 75 minutt speletid fordelt på to kampar, noko som var meir enn ho sjølv hadde venta.

Der gjorde ho tydelegvis inntrykk.

– Anny og Linnea har hatt ei svært positiv utvikling i den første halvdelen av sesongen. Også på treningsleiren på Malta leverte begge overbevisande prestasjonar på banen, seier Stephan Lerch, hovudtrenar for kvinnefotballen i VfL Wolfsburg.

  • Kerim-Lindland har så langt spelt tre offisielle kampar for Wölfinnen, to i Google Pixel Frauen-Bundesliga og éin i DFB-pokalen.
  • Sælen, som har kortare fartstid i tysk toppfotball, har til no vore på banen i éin DFB-pokalkamp.

– Sidan sommaren har Anny og Linnea konsekvent vist seg fram gjennom enorm arbeidsvilje, ambisjonar og jamn utvikling. I U20-laget har dei gong på gong overbevist både på trening og i kamp.

– Med den tettare integreringa av dei to offensive spelarane ønskjer VfL Wolfsburg å gi dei fleire perspektiv på proffnivå og samstundes styrka den tette koplinga mellom ungdoms- og A-laget, seier Lerch.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.