Lokal | 27. nov. 2019

Tatt for sladding - fekk 8000 i bot

I tillegg måtte den unge bilføraren ut med 1000 kroner i sakskostnadar.

Tatt for sladding - fekk 8000 i bot
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. nov. 2019 13:10

Ein ung bilførar blei i sommar tatt for uaktsam køyring i Os sentrum. Bilen mangla dessutan eit frontlys.

Tiltalte var ikkje einig i politiet si skildring av køyringa hans, eller at han var straffeskyldg grunna manglande lys, så saka hamna i retten.

Han forklarte at han hadde stoppa på ein parkeringsplass ved ein av bensinstasjonane fordi han merkte at eine hovudlykta ikkje virka. Etter å ha kontrollert årsaka oppdaga han at politiet sto lengre nede i gata, og køyrde ut frå parkeringsplassen på normal måte, og vidare heldt han fartsgrensa fram til han blei stoppa av politiet.

Retten festa ikkje lit til forklaringa.

Politiet fortalte at dei først la merke til bilen då dei høyrde ein høg motorlyd. Så, på veg ut frå parkeringsplassen, skal bilen ha mista dekkfeste/sladda.

Tiltalte blei domt til å betala 8000 kroner i bot. Han må i tillegg betala 1000 kroner i sakskostnadar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.