Sport | 28. jan. 2019

Tatt ut til regional landslagssamling

Anna S. Mjånes og Nora Berge på ny samling med dei beste ungdomane i vest.

Tatt ut til regional landslagssamling
Anna Martine Særvold Mjånes (t.v.) og Nora Berge - her i Oshallen klare for kamp dagen etter uttaket. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. jan. 2019 21:24

Fredag blei uttaket til neste landslagssamling i handball region vest publisert.

Blant 20 utespelarar er 2 frå Os; Anna Martine Særvold Mjånes og Nora Berge.

Nora har vore med på tilsvarande samlingar fleire gongar, Anna var på si første i fjor.

– Det var veldig kjekt å bli tatt ut igjen, seier Anna, som er eitt år yngre enn 2000-årgangen som i utgangspunktet er invitert.

Seks timar i Haukelandshallen

Samlinga går over éin dag, torsdag 7. februar. Då får jentene trena frå klokka 9 til 15 saman med andre talentfulle spelarar.

– Det er god trening inn mot neste steg, som plar vera ein kamp mot ein annan region når serien er over, fortel Nora.

Dei skal bli trent av desse på samlinga:
Knut Ove Joa (trener LK00)
Chriss Robert Thorsen (regional landslagstrenar LK00)
Birgitte Karlsen Hagen
Are Andreasen (fysisk trener)

Nora og Anna speler fast med Os sitt damelag i 2. divisjon. Dagen etter uttaket spelte Os, som slit i botnen av tabellen etter eit generasjonsskifte i sommar, heimekamp mot Oslo-Studentenes IK.

Førre kamp mot Oslo tapte Os 40-19 på bortebane, laurdag blei det 32-35.

Nora blei toppskårar med 10 mål.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.