Lokal | 04. aug. 2009

Tau i fjorden

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. aug. 2009 08:41

Skal du kjøra båt forbi Halhjem og Søre Øyane bør du følgja med på kva som ligg i sjøen.

- Vi har fått melding om at det flyt ein del kraftig tau i sjøen. Dette stammar kanskje frå arbeidet med ny forankring til oppdrettsanlegget, og vi vil få politibåten til å kjøra utom og sjekka, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Politiet har også fått melding om innbrot i ei hytte.

- Ei hytte på Strøno har stått ubrukt ein periode i juli. I denne perioden har det vore tjuvar på besøk. Fleire ting er sakna og hytteeigar ville komma inn å melda innbrotet i dag.

Nokon har ved slump funne noko som liknar narkotika. Funnet blei gjort i Os sentrum, og meldt til politiet, som har tatt beslag i stoffet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.