Øyafest | 26. aug. 2023

– Te Øyane, sa du?

Øyafest slepp første band til festivalen i 2024.

Vinskvetten spelte for pandemi-full (200) sal i Oseana i 2021 (bildet). I Øyane kan dei få eit større publikum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 26. aug. 2023 14:00

«Det er tydeleg at eldre lyttarar er moden for nye låtar, og yngre lyttarar er mottakeleg for å absorbera strilekultur, kystkultur og ukultur frå dette 46 år gamle bandet frå Råthola (bak tekstilfabrikken i Salhus)» skreiv vi om det no 48 år gamle bandet - Vinskvetten - som song for pandemi-full sal i Oseana i 2021.

Arrangørane gjekk ut med dato for neste års festival tidlegare denne veka.

Øyafest går frå torsdag til laurdag 1. til 3. august neste år.

Same dag kom dei første billettane for sal, og desse 50 gjekk unna, rett nok til rabattert pris, på rundt 120 sekund.

I dag er Vinskvetten første slepp, utanom Goggen, til Øyafest 2024.

– Me er glade for at det passa for Vinskvetten å spela hos oss. Dei har vore ein del av kulturen og oppveksta til mange i nedslagsfeltet til festivalen, og kanskje spesielt oss som har vakse opp i Øyane, seier festivalsjefane Ivar og Tommy.

Det blir, som i år, Humrahølo torsdag, telt på Sundøy Arena fredag og telt pluss storscene laurdagen.

Vinskvetten skal spela i teltet fredagen, og der er billettmengda begrensa til rundt 400.

Bjørn Jensen, her med Ausekarane i Øyane i 2016, speler torsdag med gode, gamle Vinskvetten i Oseana. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògEin bestseljar - 46 år etter starten

Vinskvetten består i dag av dei tre urgamle karane Bjørn Jensen, Gunnar Kalvik Låstad og Øyvind Østerbø.

Med seg har dei hjelparane Gunnar Bjelland på tangent og Jørgen Østerbø på trommer.

Bjelland har vore støttespelar i snart eit kvart århundre, Jørgen har vore med sidan 2019.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.