Lokal | 03. nov. 2017

Teikna og forklarte

Naboar med tydeleg innspel på folkemøte om Finnebrekka.

Teikna og forklarte
Naboar og politikarar teikna og fortalde rundt kartet over Finnebrekka (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 03. nov. 2017 07:56

Torsdag ettermiddag inviterte kommunen til folkemøte om moglegheitsstudien for Finnebrekka. Det litt manglande oppmøte kan nok skuldast at ein berre for tre veker siden hadde eit nabomøte, med omlag 100 deltakarar, om det same området.

Sjølv om det ikkje var så mange der, så fekk likevel kommunen og konsulentane frå Asplan Viak innspel å ta med seg i det vidare arbeid.

Må trafikksikrast

Eit av hovudmomenta til fleire av dei frammøtte då ein samla seg rundt kartet over området var den auka trafikken som går gjennom Finnebrekka frå krysset i Hatvikvegen og ned over gamle brua like nord for ungdomsskulen.

– Det er spesielt ille når køen står inn mot rundkøyringa på Osøyro, men også andre delar av dagen er det mange som nyttar snarvegen. Dette er skuleveg for mange born og slik det er no er ikkje trygt, påpeika fleire.

Blir gjennomkøyring forbode

Leiar i trafikksikringsutvalet og plan- og bygningsutvalet, Gustav Bahus (Frp) var ikkje snauare enn at han på ståande fot lovde skilt med gjennomkøyring forbode.

– Eg tek ein telefon til samferdselsansvarleg med ein gong, sa Bahus og plukka opp mobilen.

Planlegg for 4000 bustader

By- og arealplanleggar Henning Wenaas Ribe, hadde då dradd historia frå den første byplanen som blei laga på 1850-talet i samband med bygginga av jernbanen, via planane frå 1938 og gjeldande plan frå 1983.

– Det går omlag 40 år mellom kvar gong ein ser på Osøyro i eit overordna perspektiv. Sjølv om vi føler mykje skjer og har skjedd, så er det eigentleg mykje likt, kommenterte Wenaas Ribe før han fortald at ein no planlegg for ei dobling av innbyggjertalet i Os.

– Det vi då tenkjer er ei 50/50-deling av vekst på og rundt Osøyro og i krinsane. Legg ein det til grunn er behovet rundt Osøyro 4000 bustader og 10 000 innbyggjarar, forklarte planleggjaren.

Skeptiske til urealistiske planar

Asplan Viak har i oppdraget med molgeheitsstudien fått beskjed om å sjå på to scenarier, middels og høg fortetting.

– Det er inga vits at de gjer som på Steinneset og tek eigedommane til folk og teiknar hus der. Det er berre bortkasta skattepenger, blei det kommentert.

– Vi kjem aldri til å ta husa til folk, men for å få fram moglegheitsrommet må vi la konsulentane få lov til å tenkja fritt, sjølv om det ikkje er slik det skal bli, svara plansjef Tina Sinclair.

Moglegheitsstudien for Finnebrekka er den siste av fire områder som ligg inne i områdeplan for Os sentrum. Steinneset er eitt av dei andre. Resultata av studiane vil venterleg ligga føre i løpet av januar 2018.

P.s. Midtsiden gjer merksam på at underteikna var tilstades på møte både som journalist og som bebuar i området.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.