Lokal | 22. feb. 2019

Tek strandryddinga til eit nytt nivå

President Lyssand signerte avtale med ordførar Bruarøy.

Tek strandryddinga til eit nytt nivå
High five for miljøet - Os kommune og Os Rotary underteikna i går ein avtale om rydding av strandsonane i Os. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 22. feb. 2019 12:26

Bildeserie:

Lepsøy i 2017. Ryddeaksjonar som dette skal i år koordinerast av Rotary. (Privat foto)
Lepsøy i 2017. Ryddeaksjonar som dette skal i år koordinerast av Rotary. (Privat foto)
Raudholmane: Blant fleire viktige holmar for fuglar. Os Rotary vil sjå på hekkestadane først. (Foto: KVB)
Raudholmane: Blant fleire viktige holmar for fuglar. Os Rotary vil sjå på hekkestadane først. (Foto: KVB)
1 av 2
Lepsøy i 2017. Ryddeaksjonar som dette skal i år koordinerast av Rotary. (Privat foto)
Raudholmane: Blant fleire viktige holmar for fuglar. Os Rotary vil sjå på hekkestadane først. (Foto: KVB)

Under eit enkelt samkome i rådhuset i går, vart den miljøsatsande avtalen signert av president i Os Rotary, Bård Lyssand og fungerande ordførar, Marie L. Bruarøy.

Skal leia og administrera

I ei av kjerneverdiane til Rotary-stiftinga står det at vi skal vera til gagn for andre, fortel Lyssand.

Vidare fortel han at grunnlaget for avtala er «Strandryddeveka» og «Strandryddedagen», i regi av Hold Norge rent-aksjonen.

I 2017 var initiativet på lokalt plan, men i 2018 vart Os kommune med på den nasjonale ryddinga.

- No har vi overlete det administrative arbeidet til Os Rotary, fortel Bruarøy. Eg var i møte med den førre presidenten i Os Rotary, Anders Hauge, i fjor, og det var då ideen om samarbeidet dukka opp.

Bruarøy fortel at mens kommunen tek på seg oppgåver som informasjon, og kultureininga har sytt for at Os Rotary no sit på ei oppdatert liste over lags- og organisasjonslivet i Os, er det Os Rotary som skal driva prosjektet fram.

Og det er ikkje meininga at dei ca. 30 medlemmene i Os Rotary skal rydda heile skjergarden og stransonane i Os åleina.

Godt samarbeid

President Lyssand er ein miljøbevisst mann med omsyn for naturen, og saman med resten av Rotarty-gjengen vil han stilla med båtar (med redningsvestar) under ryddearbeidet.

Dei vil òg syta for transport av avfallet til Bir sitt anlegg i Kolskogen.

– Vi har eit godt sambeid med Bergen og Omland Friluftsråd og Bir, og vår hovudoppgåve blir å kartleggja og administrera ryddinga.

Skal rekka hekkesesongen

Sjølv om hovudfokuset ligg på Strandryddeveka mellom 29.april og 4.mai, med sjølve Strandryddedagen laurdag 4.mai, er det sjølvsagt grunnlag for å rydda resten av året òg, fortel Lyssand.

– Underteikna, saman med eit par andre Rotary-medlem vil i desse dagar dra ut og sjå på situasjonen på dei ulike hekkestadane for sjøfugl. Grunna ilanstigningsforbodet som trer i kraft 15.april, er det viktig at vi får rydda dei områda først.

Adopter ei strand

No håpar Lyssand og Bruarøy at så mange som mogleg vil ta del i ryddeaksjonen.

– Ta kontakt, og vi finn arbeid til deg oppmodar Lyssand.

– Nytt av året er at du no kan adoptera ei strand, legg til Bruarøy til.

Her kan du få ansvar for ei strand du kanskje bryr deg ekstra om. Ved å adoptera denne stranda, forpliktar du deg til å rydda minimum tre gongar året, avsluttar Bruarøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.