Lokal | 18. mai 2012

Teknisk tryggleik

Men Rune Walle i Bergen Sikkerhet har oppdaga at osingane er opptatt av personleg kontroll og fått Securitas Direct til å inkludera Os i nedslagsfelt for vektarutrykninga si.

Teknisk tryggleik
Rune Walle har med Bergen Sikkerhet AS vore partnar i Securitas Direct sidan januar i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. mai 2012 20:34

Nyetablerte Bergen Sikkerhet AS i Os er partnar i Securitas Direct. Eigar Rune Walle sel alarm- og varslingssystem frå Securitas-produsent Verisure, og sjølv om anlegget gjev deg god kontroll over heimen din, også når du ikkje er der, vil mange osingar veta at hjelpemannskap er innan rekkevidde.

– Brannvesenet rykker ut om det er brann og politiet blir varsla om det er innbrot. Men eg har fått mange spørsmål om vektarar og utrykning desse månadane, seier Walle.

Dette har han tatt med seg til leiinga og frå denne veka blei Os innlemma i Securitas si rekkevidde for utrykning. Walle har fått ein god start i Bergen og Os, berre i Os har det på fire månadar blitt montert nærmare 40 nye Verisure-anlegg i Os.

– Med Verisure så har du både skallsikring på dører og vindauge, rørsle-sensorar, kamera, røykvarslar og varmesensor. Går alarmen så blir kamera aktivert og du får ein telefon. Likevel kan det vera greit å ha vektar innan rekkevidde.

Kvar er nøkkelen?

Vektar kan sjekka om ein eventuell alarm som ser falsk ut verkeleg var utan årsak. Ved for eksempel straumbrot medan du er på reise kan det vera greit å ha nokon som kan sjekka huset ditt.

Nøkkelservice er nemleg også i utvalet. I tillegg blir eigen safe med kodelås lansert for kundane i slutten av mai.

– Denne kan kjøpast i eingongssum og hengast opp i garasje eller bod. Ein kjekk backup for ein distré huseigar.

– Brann viktigare enn innbrot

– Mange seier naturlegvis at dei vil verna seg mot det ubehaget det kan vera å oppleva at nokon har vore inne i bustaden deira. Spesielt for ungar kan det å koma heim til ein bustad det har vore innbrot i vera traumatisk.

Sånn sett er kanskje klistremerka som seier at du har alarm det viktigaste du får på plass.

– Men eit godt varslingsanlegg i tilfelle brann er heilt klart hovudårsaka til at mange er interesserte i alarmanlegg i bustaden sin, seier Walle.

Viktige minutt

I fjor var det 15 innbrot i Os mot 11 året før. I tillegg kjem tjuveri og grove tjuveri frå ulåste bustadar og garasjar. Også bustadbrannar var det i snitt rundt éin av i månaden, 10 gongar rykte brannvesenet ut til opne flammar i bygningar i Os.

– I tillegg kjem utrykning til branntillaup, som tørrkoking. Seinast i år har vi rykt ut på tørrkoking, der automatisk alarm varsla og vi fekk avverga brann, seier brannsjef Stein Gjøsund.

– Varsling av brann er det flest kundar nemner som årsak til at dei vil ha alarm. Anlegget frå Verisure har optiske detektorar, dei er kopla saman og dei varslar med ei stemme som fortel kva rom det er brann i. Men viktigast er kanskje det at det er vi som leverandør som styrer anlegget, Securitas passar på at du har batteri i alle detektorane, så slepp du å gjera som enkelte andre dessverre gjer; angra på batteriet du gløymte å skifta, seier Rune Walle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.