Lokal | 25. mars 2017

Telefontrøbbel hos Os legevakt

OPPDATERT: Telefonen skal no virke. – Det har vore feilsøk sidan fredag kveld. Laurdag ettermiddag var telefonen oppe igjen.

Telefontrøbbel hos Os legevakt
Os og Samnanger legevakt har hatt problem med telefonsystemet sidan fredag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 25. mars 2017 12:42

Os og Samnanger legevakt opplever problem med det nye telefonsambandet.

– Problema starta i 21.30-tida fredag og er framleis ikkje løyst, seier avdelingsleiar Terese Bodin-Hetland til Midtsiden i 12.30-tida laurdag.

Det nye nummeret 116117, som kom i drift 1. september 2015 og skal ta deg til nærmaste legevakt same kvar i landet du ringer frå, fungere for tida ikkje.

– Dei som vil koma i kontakt med oss må møta opp på legevakta på Moberg, seier Bodin-Hetland.

OPPDATERT, KL 16.08: Legevakta melder at telefonsystemet no skal fungere igjen.

Os brann, beredskap og legevakt har lagt ut følgjande melding på Facebook.com/osbrann:

Os og Samnanger legevakt har driftsforstyrrelser på telefonlinjene fredag kveld. HDO prøver å lokalisere feilen. Dersom du har bruk for legehjelp, møt opp direkte på legevakten i Mobergsbakken 111.
Ved livstruende eller alvorlige hendelser ring 113.
Vi beklager situasjonen.

Nytt og gamalt nummer

Legevakta har inga førebels løysing på problemet.

Det gamle legevaktnummeret, 815 17 020, blei tatt ut av drift i oktober 2016.

Om du er andre stadar i Noreg, men vil ha kontakt med Os og Samanger legevakt, kan du ikkje ringa 116117. Då når du Os og Samnanger på 56570370, men heller ikkje dette fungerer i dag.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.