Lokal | 18. mars 2020

Telenor fekk problem med breibandet

– Vi er klar over situasjonen og jobbar på spreng med å få oversikt.

Telenor fekk problem med breibandet
Telenor har problem i Os.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. mars 2020 14:09

Midtsiden fekk klokka 14.20 tips om manglande internett i Hagavik. Kunden har breiband frå Telenor.

– Vi har fått fleire meldingar frå ulike delar av landet, og er i full gang med å få oversikt over situasjonen, seier konstituert kommunikasjonsdirektør Anders Krokan i Telenor Norge.

I går var det òg problem i Os. Då var det TV-signal frå Canal Digital, no er det breibandet som sviktar.

Krokan kan foreløpig ikkje fortelja kor mange kundar som er berørte, men kjem tilbake med oppdatert informasjon.

Telenor opplyste i ei pressemelding i førre veke at deira mobil- og breibandsnett er dimensjonert for å tola den auka trafikken når fleire i samband med koronatiltaka har heimekontor.

OPPDATERT: Klokka 18.35 fortel Teleno meir om problemet - og løysinga:

I 14.30-tida byrja vi å få meldingar, primært frå Vestlandet og Sørlandet, om at folk opplevde ustabilitet på fastnett breiband, eller at dei ikkje fekk logga seg på nett. Ut ifrå våre analysar såg vi at feilen er begrensa til Bergen- og Kristiansand-området.

Vi såg raskt at feilen var knytt til Telenors DNS-teneste, altså namnetenarar som omset domenenamn til IP-adresser.

Telenor har gjennomført tiltak for å normalisera trafikken, og dette har hatt positiv effekt. Etter klokka 16.30 har vi sett ei klar forbetring. Situasjonen har no stabilisert seg, og trafikken går som normalt.

Vi jobbar vidare med å sikra stabilitet, og overvåker situasjonen nøye.

Feilen berørte ikkje mobilnettet, alle mobiltenester har fungert som normalt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.