Lokal | 06. feb. 2018

Tener 75-90 millionar på SIO

Men rådmann Christian F. Fotland vil vera restriktiv med kva pengane skal brukast til.

Tener 75-90 millionar på SIO
Rådmann Christian F. Fotland (til venstre) fortalde at han reknar med at kommunen tener mellom 75 og 90 millionar på SIO-prosjektet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 06. feb. 2018 12:52

I førre veke presenterte Agenda Kaupang sin andre følgjerapport for SIO-prosjektet kor det mellomanna kom fram at kommunen ikkje har auka kostnadane sine til omsorgstenestene som følgje av prøveprosjektet med statleg finansiering.

Tvert i mot ser kommunen ut til å tene penger på å vera med i det statlege prosjektet.

– Vi har hatt eit mindreforbruk i 2017 på 33 millionar kroner. Alt tyder på at vi får tilsvarande summer i 2018 og til og med prosjektslutt 1. mai 2019. Vi kan anta at vi har eit mindreforbruk i perioden på 75 til 90 millionar kroner, som må settast på bundne fond. Midla kan berre brukes innan kostrafunksjoner som er omfatta av SIO, fortalde Fotland då han orienterte formannskapet tysdag.

Må vera smarte

Fotland fortalte at pengane kjem frå to hovudbolkar, inntektspåslaget, som har blitt kalla gulroten i prosjektet og drifta, kor Os drifter tenestene til ein billigare krone enn gjennomsnittet og den summen staten legg til grunn.

– Inntektspåslaget er det som kan nyttast friast innan tenesteområdet. Dette utgjer 39 millionar kroner.

– For Os kommune har det økonomisk vore veldig gunstig å vera med i prosjektet. Eg har lyst til å legga fram ei sak til formannskapet der vi disponerer desse midla. Det må vi gjera allereie no, men vi må vera kloke i bruken av dei. Det må ikkje gje oss auka varige kostnader. Auker vi drifta med 75 til 90 millionar no, så kjem det som ein rekyl på oss etter 2020, understreka rådmannen.

Best på utstyr

Rådmannen hadde allereie tenkt på områder han kunne tenkje seg på nytte midla.

– Eg har lyst til at vi skal bli best på utstyr. Dette gir oss moglegheiten til å anskaffa det beste og ha alt det vi treng på sjukeheimen. Dei tilsette kan få lage lister på kva utstyr dei treng i kvardagen, så vil vi sjå på det.

– Det er veldig bra, men du må ikkje gløyme heimesjukepleien, understreka Laila Marie Reiertsen (Frp).

Av andre områder rådmannen lista opp som moglege områder å nytta midla på var:

  • Sikre drift av helse- og omsorgstenestene i lang tid framover
  • Sikre drift av dei 44 nye plassane på Luranetunet
  • Kompetanseløft ihht plan i samband med omsorgsløftet
  • Velferdsteknologiprosjektet med Fusa kommune
  • Hjelpemiddelsentralen - endring i NAV-systemet har gjort at kommunane får eit større ansvar til å oppbevara og levere ut hjelpmiddel.
  • Helsehus
  • Ombygging/vedlikehald på institusjonsbygg, til dømes den gamle sjukheimen for å gje plass til heimetenesta og hjelpemiddelsentralen.

Midla frå inntektspåslaget må nyttast innan utgangen av 2022, det resterande mindreforbruket må nyttast innan 1. januar 2020.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.