Lokal | 31. jan. 2017

Tenner bål for landbruket

Bondelaget protesterer mot regjeringas jordbruksmelding. Tysdag tennes det varselbål over heile landet.

Tenner bål for landbruket
Leiar i Os Bondelag, Olav Botnevik, her på bondens dag under valkampen i 2015, fortel at dei tenner varselbål mot regjeringa si landbruksmelding (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 31. jan. 2017 07:25

Saman med Bergen Bondelag tenner Os bondelag eit varselbål på Bahus, hos Øyvind Thorsen, tysdag ettermiddag. Samstundes tenner bønder over heile landet bål som eit varsel om at Regjeringa si jordbruksmelding fører matproduksjonen i feil retning.

– Ved å tenna bål i heile landet vil vi protestera mot ei jordbruksmelding som gjev auka liberalisering og svekkjer politikken. Det er inga selvfølge at vi har eit jordbruk frå nord til sør i dette landet og eit mangfold av gardar. Det er dette vi brenner for og vil ha meir av. Difor denne markering i dag, seier Olav Botenvik frå Os Bondelag.

– Landbruket i vår kommune og i resten av landet er ei næring med store moglegheiter. Dette potensialet tek ikkje meldinga tak i, supplerar Bodhild Fjelltveit frå Bergen Bondelag i ei pressemelding.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.