Lokal | 28. nov. 2018

Tenner lysa på Borgafjellet for 20. år på rad

Kva kostar drift og vedlikehald av dei tre 50 meter lange lenkene?

Tenner lysa på Borgafjellet for 20. år på rad
Månen skin ofte om kapp med lysa på Borgafjellet, som her i 2016. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. nov. 2018 10:50

Bildeserie:

Mannen bak ideen, Arne Martin Holen. (Privat arkivfoto frå 2010)
Mannen bak ideen, Arne Martin Holen. (Privat arkivfoto frå 2010)
Leif Ragnar Tveit.
Leif Ragnar Tveit.
Det er Telenor som eig masta, og ikkje kven som helst som får klatra i den.
Det er Telenor som eig masta, og ikkje kven som helst som får klatra i den.
Kvar av dei tre lenkene er 50 meter lange. (Foto: KVB)
Kvar av dei tre lenkene er 50 meter lange. (Foto: KVB)
1 av 4
Mannen bak ideen, Arne Martin Holen. (Privat arkivfoto frå 2010)
Leif Ragnar Tveit.
Det er Telenor som eig masta, og ikkje kven som helst som får klatra i den.
Kvar av dei tre lenkene er 50 meter lange. (Foto: KVB)

I går var Georg Jørgensen, Leif Ragnar Tveit, Magnar Heggland, Arne Kleiven og Dag Berge på Borgafjellet for å gjera klart til tenning av lyslenkene på Borgafjellet igjen.

Lenkene, som kvart år er nede i låglandet for vedlikehald, blei jogga opp av Helge Asbjørnsen, Kjetil Styrvoll og Trond Inge Olsen frå Opptur Motbakkeklubb.

– Vi er heldige som dei siste åra har hatt desse lettbeinte hjelparane, seier Leif Ragnar Tveit frå Os Kulturutvikling.

– I tillegg har vi Tore Midttveit frå Os Elektro som redningsmann. Etter førre jul var den eine lenka svidd av tre plassar, men dette er reparert.

Blir tent av turgåar på fredag

I går møtte dei tilfeldigvis òg på ein ny hjelpar.

– Vi møtte ein ivrig og smilande turgåar, Camilla B. Skaug, som likevel skulle opp her på fredag. Ho er ofte på Borgafjellet og meldte seg til å tenna lyset.

Lyset på Borgafjellet blir tent fredag på dagtid, nokre timar før julegrana i Os sentrum og eit døgn før julegrana på Amfisenteret.

Største kostnad: Klatring

Første gong lysa var tent var i 1999, og Os Kulturutvikling, som eig og driftar lysa, har laga ein tradisjon av ideen til Arne Martin Holen i den gong Bjørnefjorden Reiselivslag. Ideen blei utvikla saman med Tor Helge Eiken i Bjørnefjorden Næringslivslag og gjennomført saman med Knut Natvik i Os Sentrumsforening.

Men det har kosta. Både i 2014 og 2015 var det usikkert om det blei lys. Lysa er heller ikkje gratis å drifta.

– Straumrekninga er ingen problem, der landar vi kvart år på ein knapp tusenlapp etter at vi skifta til LED.

– Men nye pærer kostar. Sist vi handla inn kjøpte vi 200 pærer til 30 kroner stykket. Både lyslenkene og trekkelinene blir tatt ned kvart år. Nye trekkeliner, altså tau, kostar 1150 kroner.

Det er Telenor som eig masta og Eltel Networks som driftar den. Eltel er dei einaste som har lov å klatra i masta, og sist kom rekninga på 8000 kroner pluss mva.

– Kostnaden landar på rundt 15.000 kroner kvar sesong. Vi har plass til sponsorar på dette prosjektet, og vi har vipps, seier Leif Ragnar.

Om lysa på Borgafjellet:
• Kvar av dei tre lyslenkene er cirka 50 meter lange
• Det er til saman 450 lyspærer på dei tre lenkene
• Borgafjellet er 353 meter over havskorpa
• Kvart år sidan 1999, etter initiativ frå Arne Martin Holen, har det vore lyslenker i masta på toppen
Les meir om historikken til lyslenkene som Os Kulturutvikling eig og driftar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.