Terje Søviknes tilbake som statsråd
Statsminister Erna Solberg (H) presenterte to endringar i regjeringa på Slottsplassen i dag.
Litt før klokka 11 onsdag blei det klart at statsminister Erna Solberg ville presentera endringar i regjeringa.
VG avslørte tidleg at Sylvi Listhaug (Frp) blir ny olje- og energiminister mens Terje Søviknes (Frp) skal inn som ny eldre- og folkehelseminister.
Det er olje- og energiminister Kjell Børge Freiberg (Frp) som går ut.
Dette blei stadfesta litt over klokka 12, då Solberg, Listhaug og Søviknes kom ut frå ekstraordinært statsråd på Slottet i dag.
Comeback etter 16 månadar
Søviknes blei presentert som olje- og energiminister 20. desember 2016.
Fredag 31. august 2018 blei det klart at han ville gå av som statsråd for å få meir tid med ungane heime i Os.
Frp blei største parti med 12 av 35 plassar i Bjørnafjorden kommunestyre, men lokalpartiet lykkast ikkje i å danna fleirtal i samanslått kommune, slik dei har hatt i Os i 20 år.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.