Sport | 06. aug. 2011

Testa konfe-presangen

Karoline Breivik (15) gjekk rett i kneståande då morfar kom trillande inn på tunet med konfirmasjonspresangen. I helga er ho på trening på Eikås.

Testa konfe-presangen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 06. aug. 2011 07:32

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 8
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Det blir ikkje lett å vera 18-åring og prøva på å imponera Karoline Breivik med sporty bilkjøring.

– Karoline var seks veker gamal då ho var publikum på rallycrossrace første gong, fortel morfar Håvard Gåssand.

Gåssand byrja å kjøra bllcross då han var rundt 30 år og rallycross nokre år seinare. Ingen av ungane hans har vore aktive, men barnebarnet Karoline har vore veldig engasjert og med på så og seia alt av turar til race på Austlandet.

– I januar fylte Karoline 15 år, som er aldersgrensa for å byrja å trena, så til konfirmasjonen fekk eg og mormora, Randi Karin Breivik, tak i ein bil til ho.

Vanskeleg å halda hemmeleg

Dei to måtte lyga mykje og blant anna dikta ein burdsdagsfest på Austlandet, for å halda kjøpet hemmeleg. Men Randi og Håvard klarte i finta ut heile familien fram til den store dagen.

– Det var vanskeleg, for dei ringte jo ein haug med gongar medan vi var på turen, og spurte om alt mogeg, så vi måtte dikta og lyga om kva lokale festen hadde vore i og om kva som sto på menyen, ler Håvard.

Så kom bilen, ein Golf II 1987, heim. Gåssand fekk ei veke på seg i verkstaden til å gjera den klar.

– Det einaste som mangla

– Vi kom heim frå kyrkja 8. mai og venta på eit par gjestar, så eg var litt stressa. Så såg vi at pappa hadde kome med hengar, eg skjønte ikkje kvifor han hadde rallybilen med i konfirmasjonen, seier Kate, mor til Karoline.

Men pappa Roy såg at det ikkje var Håvard sin bil som var på hengaren. Karoline var like rask med å forstå, og gjekk ifølgje mamma rett i kne.

– Eg tok lisenskurs i vinter så det var berre bilen som mangla. Eg håpte på å få nok pengar til konfirmasjonen til å kjøpa ein, men hadde allereie fått mykje til bunaden min av mormor og morfar, så eg blei veldig overraska og veldig glad, fortel Karoline.

På treningssamling

Saman med bilen fekk Karoline medlemsskap i NMK Bergen. Klubben har treninger på Eikås Motorsenter og St Hans blei første gong Karoline fekk prøva bilen.

– I helga får ho endå meir trening, for no er det samling for alle juniorane i klubben, fortel Håvard.

Frå torsdag til søndag får kjørarar frå 15 til 18 år praktisk trening i bakkeløp, frå start til tønnevending.

– Eg har vore her og sett på og framgangen berre frå torsdag til i dag er lett å sjå, sa Gåssand til Midtsiden fredag kveld.

Ikkje redd

Karoline sjølv fortel at det å bremsa ned før svingen, ikkje i svingen, er noko av det første ho har lært. Slalåmkjøringa var også god trening.

– Vi har lov å kjøra race frå vi er 16 år, men det er snakk om at vi 15-åringane skal få kjøra klubbmeisterskap i oktober.

Verken ho eller foreldra er redde for at ho skal skada seg.

– Med hjelm, dress, bur og god sele så sit ho godt. Det hender sjølvsagt ulykker av og til, men vi høyrer sjeldan om personskader, seier Kate og Roy.

Den som kanskje blir redd er den som skal ta første kjøretime med Karoline når ho om nokre år skal ta førarkort. I alle fall om ho startar kjøretimen med ei tønnevending.

Fleire frå Os?

Karoline er ikkje einaste jente på banen. På samlinga er ho ei av tre jenter, men ho fortel at det er endå fleire jenter i klubben og at det er rundt 20 juniorar i miljøet som trener på Eikås onsdagane.

– Dette hadde vore noko for fleire av ungdomane i Os. Det krever nesten at minst to generasjonar har interesse, men med hjelm, kjøredress og ein eigna bil, så manglar du berre ein far eller onkel med tilhengar og tid til å kjøra deg, så er du i gang, seier Håvard Gåssand.

Gåssand seier han skal stilla ut på Osmesso på Nore Neset 17. og 18. september, truleg med Karoline sin bil med i utstillinga, og at han gjerne tar ein rallyprat med dei som kjem innom.

Før dette skal Karoline, Håvard og resten av den rallyinteresserte familien til Dokka ved Gjøvik for å få med seg NM-finalen i rallycross. Som publikum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.