Lokal | 16. juli 2019

Testa kvalitet og badetemperatur sju stadar

Temperaturen har auka over fem gradar på to veker.

Testa kvalitet og badetemperatur sju stadar
Temperaturen har auka til 17-18 gradar i Ulvenvatnet - som her i 2014. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. juli 2019 12:04

Teknisk eining i Os kommune var i dag på målerunde på fleire av dei mest brukte badeplassane i Os.

– Det er tredje veke på rad at vi gjennomfører målingar og prøvetaking, seier Hege Bolstad frå teknisk eining.

Desse strendene blir sjekka:

Sjø: Mobergsvikjo, Moldafjøra, Kuvågen, Skeisleira og Søvikvågen.

Ferskvatn: Ulvenvatnet (Sigurdsvika) og Vindalsvatnet.

Stigande temperatur

For tre veker sidan blei det «ein prøverunde» i regnvêr.

– Temperaturen i sjøen var på berre 9-10 gradar.

Førre veke var den oppe i 13 gradar, i dag var den 14-15 gradar i sjøen og 17-18 gradar i ferskvatn.

Badetemperatur skal målast 20-30 centimeter under vasskorpa 6-7 meter frå land.

– Det er ikkje alle stadar vi kjem oss så langt ut frå land. I Sigurdsvika målte vi 17 gradar ute på brygga, mens i Vinddalsvatne målte vi 18 gradar, men det var inne i fjøra. Alle er målt med eit termometer som stikk drygt 20 cm under vatn.

Litt høge verdiar i Mobergsvikjo

Vasskvaliteten er god nok for bading alle stadar. Svar på dagens prøvar kjem først torsdag eller fredag.

– Korleis var kvaliteten i førre veke?

– Den var god nok alle stadar. Det var litt høge verdiar i Mobergsvikjo, men ikkje over grensa. Det var fjøre, og det kan ha vore noko ureint vatn som dreiv forbi. Men vi halder auge med kvaliteten alle stadar i vekene framover.

Os kommune sjekkar kvalitet og temperatur kvar veke til og med veke 34, som er same veke som skulane byrjar.

– Blir det ein fin og varm seinsommar så kan det henda at vi held fram nokre veker til, seier Bolstad.

Sol fram til torsdag ettermiddag

Etter ei god veke med sommarvêr kjem det snart regn.

Tysdag og onsdag skal halda seg solrik og varm, og temperaturen blir verande på 18-20 gradar til og med helga.

Men det er meldt regnbyger både torsdag ettermiddag, heile freda, laurdag ettermiddag og heile søndag - ifølgje både Yr og Storm (på Pent.no).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.