Testa varslingsanlegg og nødvarsel på mobil

Gjekk alarmen på mobilen din i dag?

Testa varslingsanlegg og nødvarsel på mobil
Tyfonen i Os sentrum. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. juni 2025 12:00

Klokka 12 onsdag 11. juni blei nødvarsel på mobil og Sivilforsvaret sine varslingsanlegg over heile Norge testa i ein felles nasjonal varslingsprøve.

I og rundt Os sentrum kunne vi høyra tyfonen som står på Os ungdomsskule.

– Både myndigheiter, næringsliv og innbyggarar må vera førebudd på alvorlege hendingar, også at krig kan ramma, seier Elisabeth Aarsæther, direktør i DSB.

– Varslingsprøver er ein viktig del av den nasjonale beredskapen.

Varslingsprøven 11. juni blir gjort over heile landet.

I tillegg skal Nødvarsel gå ut til alle oppdaterte mobiltelefonar som er i Norge og som er kopla på 4G/5G.

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) anslår at rundt 97 prosent av mobiltelefonane som er i aktiv bruk i Norge kan motta Nødvarsel.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.