Sport | 25. jan. 2016

Testar bilane sine på isen

Førre helg var rundt 35 osingar til Golsfjellet for å køyra på isbane. – Det gir god trening, men først og fremst er det gøy!

Testar bilane sine på isen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. jan. 2016 09:04

Bildeserie:

Resiefølgjet bur på Golsfjellet Fjellstue og køyrer på Tisleifjorden. (Foto: Circle X)
Resiefølgjet bur på Golsfjellet Fjellstue og køyrer på Tisleifjorden. (Foto: Circle X)
– Dei er flinke med brøytinga, både banen og brøytekantane er fine. (Foto: Circle X)
– Dei er flinke med brøytinga, både banen og brøytekantane er fine. (Foto: Circle X)
Du treng verken ispigg eller ny bil for å delta. (Foto: Circle X)
Du treng verken ispigg eller ny bil for å delta. (Foto: Circle X)
Skjermskot frå dronefilming i fjor. (Foto: Circle X)
Skjermskot frå dronefilming i fjor. (Foto: Circle X)
– Kom med den bilen du har, seier Nytræ. (Foto: Circle X)
– Kom med den bilen du har, seier Nytræ. (Foto: Circle X)
– Det er ingen konkurranse, berre kos. (Foto: Circle X)
– Det er ingen konkurranse, berre kos. (Foto: Circle X)
Testar bilen under trygge forhold. (Foto: Circle X)
Testar bilen under trygge forhold. (Foto: Circle X)
(Foto: Circle X)
(Foto: Circle X)
(Foto: Circle X)
(Foto: Circle X)
(Foto: Circle X)
(Foto: Circle X)
(Foto: Circle X)
(Foto: Circle X)
1 av 11

(Videoen over er tatt med dashboard-kamera frå Christer Melling sin Subaru WRX STi førre helg. Her kan du sjå dronevideo frå i fjor)

Det blei berre nesten med motocrossklubben i denne kuldeperioden. I 2013 fekk dei seg ei knallhelg på isen (sjå bildeserie og video) på Ulvenvatnet, no blei det vêromslag rett før dei kom seg på isen.

Samtidig er det fleire i Os med fire hjul som òg er glad i glatt føre. Førre helg var 35 til Golsfjellet og fekk seg nokre fine rundar.

– Sjølv om det blei kort frist blei vi ein god gjeng. Nokre av oss har køyrd på is før, andre var ferske, fortel Jarle Nytræ.

Nytræ, som kasta seg på rallysirkuset med Circle X (tidlegare DWC Racing) i 2014, er ein av initiativtakarane.

– Dette er ikkje konkurranse, det er berre kos. Det er dessutan låg terskel for å delta, du kan stilla med den bilen og dei dekka du har.

– Her blir du godt kjent med bilen din og får øving på glattkøyring under trygge forhold. Men først og fremst er det kos, både på banen og med praten etterpå. Det er fint og fredeleg å bu så mange saman inne på fjellet, synest Jarle.

Piggfritt og mjuke brøytekantar

Rallycrosskøyraren forklarer kvifor du fint kan stilla med eigen bil.

– Det er lagt opp til at berre éin eller to køyrer med ispigg, dermed slepp du investera dyre dekk til turen.

– Dei er dessutan veldig flinke med isen og brøytinga, der brøytekantane blir freste så dei er mjuke, eller lagt opp skrått, sånn at sjansen for å skada bilen ikkje er så stor om du er uheldig og køyrer ut.

Ny tur i april

Nokre av deltakarane har hatt fleire turar til Golsfjellet Fjellstue og Tisleifjorden dei siste åra.

– Det er kjekke og flinke folk som driv fjellstova og held banen ved like. Vi får ein fin pakkepris med overnatting, mat og baneleige, og i mars har vi booka heile fjellstova, fortel Nytræ.

På denne turen blir det truleg òg sjanse til å testa enkelte andre køyretøy, anten som førar eller passasjer. Fjellstova har både ATV, snøskuter og beltevogn.

– Det ligg an til å bli ein god gjeng i april òg, vi har vel passert 40. Dette er første gong vi legg turen ut som ope facebook-arrangement, men fjellstova har plass til 60, og det er framleis noko ledig kapasitet.

Les òg: Har du kontroll på MC-en din?

Midtsiden samleside: Motorsport

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.