Testar tilbod om visuelle kunstfag

Os kulturskule testar visuell kunst som nytt tilbod. Avsluttar med storstilt utstilling saman med Oseana og Bergen Kulturskule.

Kurator Marianne Gathe, Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg og kulturskule-rektor Christian Breistein gler seg over det nye tilbodet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 02. mars 2015 14:16

Allereie før Oseana opna dørene var tankane om å utvida tilbodet i kulturskulen der. Ein fekk til og med eit bidrag frå Stor-Bergen for å starta ei retning for visuell kunst på kulturskulen. Førebels har ein ikkje kome i gang med den nye retninga, men i april vil kulturskulen i samarbeid med Oseana og Bergen kulturskule testa interessa blant born og unge i Os.

– Då Ole Tobias fortalde at Bergen kulturskule legg si sommarutstilling til Griegsamlinga i slutten av april, fann vi tida rett for å testa ut kor interessant ei line for visuell kunst er for osingane.

– I første omgang blir det eit kurs over to dagar for born og unge i alderen 7 til 12 år.

– Vi får lærarar frå Bergen kulturskule som vil undervisa i teikning med kol og måling med akrylmåling, fortel Christian Breistein, rektor ved Os kulturskule.

Først til mølla

Kurset blir fredag 10. og laurdag 11. april, fordelt på to grupper med 10 elevar i kvar.

– Påmelding kan ein gjera direkte til meg.

– Vi føl «først til mølla»-prinsippet, så her er det berre å vera om seg.

Kurset er delvis finansiert med midlar kulturskulen fekk frå Stor-Bergen, men òg med ein liten eigenandel for å dekka materialkostnadane.

Storstilt utstilling

Resultata frå dei to dagane vil enda opp i ei storstilt utstilling i Griegsamlinga.

– Bergen kulturskule kjem med si sommarutstilling som fevnar alle dei fire kunstformane billedkunst, keramikk, animasjonsfilm og performance.

– Den supplerar vi med kunstverk frå kursa til Os kulturskule, pluss Friskunstprosjektet vi køyrer for fjerdeklassingane.

– Det kjem til å bli ei fantastisk utstilling, supplerar ein entusiastisk Ole Tobias Lindeberg.

Utstillinga vil bli produsert av bildekunstnar Bo Magnus i samarbeid med Oseana-kurator Marianne Gathe.

– Ein viktig del av huset

Dei to Oseana-tilsette fortel at prosjektet passar midt i smørauge for kunst- og kulturhuset.

– Det handlar om den heilskaplege bruken av huset.

– Vi ønskjer å bruke huset som ein læringsarena for dei unge og dette passar godt i den samanhengen.

– Det kjem òg til å komma eit undervisningsopplegg for skuleklassane i Os i samband med utstillinga som opnar 24. april, avsluttar Lindeberg og Gathe.

Opninga vil bli markert med kunstneriske innslag frå elevar både ved Os og Bergen kulturskular.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.