Fotball | 10. juni 2014

Tett kamp på Stilvoll

Søfteland leia 3-0 før Søre Neset/Nore Neset byrja å skåra i gårsdagens derby.

Duell framfor Søfteland-målet kort tid før slutt. Søre Neset jaga utlikning, men klarte ikkje å ta poeng på Stilvoll. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. juni 2014 07:16

Bildeserie:

Sjanse til Søfteland, men skotet går i forsvaret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kenneth Veastad sørgjer for 1-0 på noko Søre Neset-spelarane meiner var offside. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Veastad inn til 2-0 før pause. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Og 3-0 rett etter pause. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Arvid Rabben headar nesten i mål. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Så sender han ein ball til Egil Thuen, som reduserer til 3-1. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fleire Os- og Lysekloster-spelarar fekk med seg lokaloppgjeret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rabben reduserer til 3-2. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sjanse til Søfteland, men skotet går i forsvaret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kenneth Veastad sørgjer for 1-0 på noko Søre Neset-spelarane meiner var offside. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 8

Måndag var det lokaloppgjer i 6. divisjon. Søfteland og Søre Neset/Nore Neset var begge tett på tabelltoppen før kampen, som starta noko roleg til derby å vera.

– Eg kjenner Kenneth (Svenningsen, tidlegare Søfteland-trenar) og hadde venta at Søre Neset skulle gå hardt ut frå start. Men det gjorde dei ikkje, seier Søfteland-kaptein Øystein Wallevik.

Det gjekk ein dryg halvtime før første ball låg i nota. Kenneth Veastad skåra to mål før pause og eitt etter pause før gjestane byrja å skåra.

Søfteland – Søre Neset/Nore Neset 3-2 (2-0)
Målskårarar: Kenneth Veastad 3, Egil Thuen og Arvid Rabben.

Egil Thuen sette eit frispark i stolpen og Kenneth Hufthammer fekk ei skåring annulert før heimelaget tok leiinga.

1-0 kom på brot etter eit svakt tilbakespel til midtforsvaret, 2-0 kom etter eit uhell då ei klarering frå Søre Neset-forsvaret gjekk i dommar og vidare til ein søftelending som sette kursen mot mål.

– Vi fekk ein leksjon i efektiv fotball. Sjølv om vi hadde ballen mest så var Søfteland vel så farlege, synest trenar Kenneth Svenningsen.

– Tabbane kjem før eller seinare

Raymond Pedersen, som trener Søfteland, meiner vertane hadde grei kontroll.

– Vi hadde ein svak periode i første omgang og gjorde det unødig spennande mot slutten. Elles var det om å gjera å vera disiplinert og tolmodig, i denne divisjonen blir det gjort tabbar før eller seinare, og då er det berre til å utnytta dei.

Også 3-0 kom etter brot av ei svak pasning til midtforsvaret.

Spennande kampen ut

Sjølv om det sto 3-0 tidleg i andre omgang hadde ikkje gjestane kasta inn handkledet. Søre Neset/Nore Neset heldt fram med å ta initiativ og å prøva seg mot Søfteland-målet.

Særleg frå høgresida, der Vegard Engelsen Moberg og raske Arvid Rabben låg og lurte, skjedde det mykje.

Og det var Rabben som sprang forbi og sende til Thuen då han knuste ein ball oppunder tverrliggar til 3-1.

Rabben sjølv sette inn 3-2 frå spiss vinkel etter å ha sendt eit innlegg på bakerste stolpe som Thomas Halhjem nesten fekk tåa på.

Også Søfteland hadde spolerte sjansar etter pause, som då William Lindborg, som hadde assist på 1-0, avslutta rett i ein Søre Neset-forsvarar, og då innbytar Erik Aasen kom seg forbi keeper Kvåle, men ikkje klarte å ta ballen igjen.

Søfteland på 2. plass

Med gårsdagens siger ligg Søfteland på 2. plass på tabellen med 1 kamp mindre spelt enn alle dei andre laga frå 6. plass og opp.

Søre Neset ligg på 5. plass 6 poeng frå toppen.

Søfteland har ny heimekamp fredag, Søre Neset speler borte laurdag.

Neste lokaloppgjer mellom dei to laga er laurdag 27. september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.