Tett på Ole Amund Gjersvik

Tett på: Ole Amund Gjersvik

Bli kjent med ein mann med hatt - ein som alltid gler seg til han skal på jobb.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laga av: Vidar Langeland

Komponist og bassist Ole Amund Gjersvik (52) frå Os blei utdanna kontrabassist ved Bergen Musikkonservatorium, Grieg Akademiet i Bergen. Han er kjent både som soloartist og som bassist i blant anna Trang Fødsel og i Rune Larsens Lollipop.

I 1990 starta han sitt eige plateselskap, Acoustic Records. Same år debuterte han med soloalbum «A Voice from the Past». Seinare har det blitt over 20 soloalbum og deltaking på over 50 album av andre artistar.

Gjersvik har samarbeidd med ei lang rekke norske artistar, blant anna Kenneth Sivertsen, Kaizers Orchestra, Ole Paus og Jan Eggum, og vore orkestarleiar for Ole Amund Gjersvik Quartet/Quintet/Trio og Combo Tango.

I februar i år hadde han, saman med Marita Moe Sandven frå Os, releasekonsert for improalbumet «Into the beast».

«Tett på» er ein ny serie med videoportrett som vil veksla med serien «På innsio», som starta i fjor haust. I «Tett på» kan du bli betre kjent med folk frå Os, osingar og tilflyttarar, som har skapt noko eller som har ei historie å fortelja. Fotograf Vidar Langeland, som er ny i Midtsiden-redaksjonen, har foto og klipp.

Fleire saker