Sport | 30. juli 2020

Tett Poker Run-program - utan eigen båt

Anders Arefjord selte rekordbåten etter han mista drevet i Arendal i fjor. Sommaren er likevel travel.

Tett Poker Run-program - utan eigen båt
Powerboatentusiast Anders Arefjord (midten) ser etter ny båt. Mens han ventar på USA-tur køyrer han med kameratar i fleire Poker Run. (Foto
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. juli 2020 09:26

I Bergen Poker Run i fjor stilte powerboatentusiast Anders Arefjord frå Os med ein Nor Tech 47 som han kjøpte i USA i 2018.

Båten har 3.700 hestekrefter og ein toppfart på heile 174 knop. Den blei bygd i 2007, sette ny norsk rekord i Arendal i 2008 og ny europeisk rekord for fritidsbåtar med 200 mph (174 knop).

Dei andre la seg i ro mens Arefjord tok nokre drag med rekordbåten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dei andre la seg i ro mens Arefjord tok nokre drag med rekordbåten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Arefjord stal naturlegvis showet då Poker Run var innom Øyane og Halhjem i fjor. Sjå bildeserie og video då han drog på i Bjørnafjorden.

Seinare same sommar mista han drevet mens han låg i 104 knop i Arendal Poker Run. Det blei ingen dramatikk for dei om bord, og båten blei tatt heim for reparasjon.

Selt til engelskmann

– Vi såg at dette blei meir komplisert enn venta, med sprekk i skroget lang framover i tunellen. Båten blei selt, som den sto, til ein kjøpar frå England, fortel Anders.

Han har jakta etter ny båt, men foreløpig ikkje gjort innkjøp.

– Eg har nokre båtar i kikkerten, men med den pågåande koronapandemien er det vanskeleg å få reist til USA for å sjå nærmare på dei.

Arefjord har slått seg til ro med at årets båtsesong blir utan eigen powerboat, men i venegjengen er det fleire båtar å engasjera seg i.

Tre raske fontener

Powerboatmiljøet i Bergen har fleire raske båtar. Blant desse er tre raske Fountain, osingen Eirik Haugland og Raymond Stordal frå Manger har kvar sin Fountain 29, Christer Bjånes frå Fana har ein Fountain 27.

– Vi var ein gjeng frå Os som deltok i Fun Run på Karmøy i juni, i Eirik Haugland sin båt. Og så er vi ein gjeng som har hjelpt Christer Bjånes å få på plass ny motor, som fekk ein vellykka test i Arendal Poker Run no i juli.

Christer Bjånes sin Fountain 27 har no fått ny motor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Christer Bjånes sin Fountain 27 har no fått ny motor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Christer og Raymond kjøpte kvar sin 750 hk motor frå ein katamaran.

– Vi fekk ikkje Christer sin båt klar til Karmøy. Drevet måtte girast om, så vi bestilte nokre delar frå USA. Men den blei klar til Arendal, og der fungerte den fint. Vi har fått boosta den godt opp! seier Anders.

Poker Run-veke på Vestlandet

Det står no tre Poker Run igjen på Vestlandet.

Først ut er Florø komande helg, så har Bergen og Haugesund slått seg saman om West Powerboat Week - med Poker Run i Haugesund laurdag 8. august og Poker Run i Bergen laurdag 15. august.

– Med fleire tette på Vestlandet er sjansen større for at båteigarar på Aust- og Sørlandet tar turen.

– Kor mange av oss som stiller på alle tre er eg usikker på, vi har jo allereie deltatt i to - men det blir nok både Bergen og Haugesund på dei fleste av oss frå Os og Bergen, seier Arefjord.

Kjem kanskje ikkje innom Øyane

Ruta til årets Bergen Poker Run er foreløpig ikkje lagt ut.

Det har fleire år vore snakk om å køyra nordover frå Bergen, i staden for sør, der ruta har gått innom Øyane og, nokre gongar, Halhjem.

Arefjord sin Nor Tech 47 utanfor Vedholmen Landhandel i fjor. (Foto: KVB)
Arefjord sin Nor Tech 47 utanfor Vedholmen Landhandel i fjor. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.