Sport | 28. feb. 2013

Thomas er i tet

Expedition Amundsen er i gang og osingen Thomas Andersen leiar det 100 km lange pulkløpet framfor Norseman-vinnar Tom Remman sitt lag.

Thomas er i tet
Thomas Andersen ved start klokka 20:03 i kveld. Kartet viser leiinga rett før midnatt. (Privat foto/XtremEidfjord kart)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. feb. 2013 23:03

Thomas Andersen er tittelforsvarar og favoritt til å vinna også årets Expedition Amundsen. Men det er ikkje kven som helst han har i hælane.

For det første var pulkløpet fullbooka med 150 deltakarar og lang venteliste, for det andre er det løparar som Norseman-vinnar Tom Remman blant konkurrentane.

Les òg: – Dei skal få kjørt seg

Det vil seia, Remman deltar i klassen for lag, som kan ha valfri vekt i pulken. Thomas er pliktig å gå med pulk på minst 40 kilo både frå start og i mål, og går dermed i eigen klasse.

Han har likevel lyst å slå alle.

– Norseman Xtreme Triathlon er "a walk in the park" i forhold til dette, sa Remman til XtremEidfjord etter at han testkjørte Amundsen-løypa i januar.

Starta torsdag likevel

Starten skulle gått klokka 18 torsdag kveld, men blei utsett til fredag morgon grunna melding om liten storm i fjellet.

Men så blei det bestemt at starten likevel skulle gå torsdag og klokka 20:03 var det fellesstart.

Litt før midnatt låg Thomas Andersen i tet. Midtsiden kjem tilbake med meir i løpet av fredagen.

Med obligatoriske stopp kjem turen til å ta cirka eit døgn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.