Thomas «Tomtom» er osing nummer 20.000
Heimflytta Thomas «Tomtom» Haugland blei osing nummer 20.000. Torsdag fekk han gåver frå kommunen og næringslivet i Os for nettopp 20.000 kroner.
I kommunestyret torsdag ettermiddag avslørte ordførar Marie Bruarøy (H) kven som har blitt trekt ut som osing nummer 20.000.
– Osing nummer 20.000 er Tomas Tomtom Haugland, kjent i musikkbransjen med Tomtom Studio. Han er 35 år, besatt på Søfteland, er sambuar og har ein katt, fortel Bruarøy, før ho legg til at det stas at også utflytta osingar kjem heim.
Sambuar Myrna Braza kan samtidig kallast osing nummer 20.001.
Tilfeldig uttrekk
Det var i 3. kvartal i 2016 Os kommune passerte 20.000 innbyggarar.
Kommunen gjekk i oktober ut og oppmoda alle som hadde flytta til bygda i løpet av september om å melda seg på i «konkurransen».
– Det var 20 som meldte seg. Vi gjorde ei tilfeldig trekking og kom ut med Thomas.
– Han får heider og ære her i kommunestyret, med også gåver til ein verdi av 20.000 kroner, som har vore eit spleiselag mellom kommunen og næringslivet i bygda, avsluttar Bruarøy
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.