Sport | 23. okt. 2011

Thuen henta med ambulanse

Linn-Helen Thuen heada inn 2-1 mot serieleiar Fyllingen, men skadde seg så stygt i møtet med keeper at ho no er innlagt på Haukeland.

Thuen henta med ambulanse
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 23. okt. 2011 21:05

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 9
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Os leia to gongar over serielar Fyllingen i sesongavslutninga på heimebane søndag. Kampen enda 3-3.

Linn-Helen Thuen sette inn 2-1 10 minutt før pause, men skåringa kom i ein hovudduell der både ho og Fyllingen-keeperen blei liggande igjen på banen med hovudskade.

– Eg har spelt fotball i 20 år sjølv, men aldri vore borti at nokon har blitt så hardt skadd i ein kamp, seier Linn-Helen sin pappa, handbak-kjempen Arne Thuen.

Innlagt på Haukeland

Keeperen, Ida Emilie Hegdal, blei tatt av banen, pakka inn og lagt på benken etter ei stund, men Linn Helen blei liggande i godt over ein halvtime før ho blei henta av ambulans.

– Tida frå smellen til ambulansen kom kjentes ut som ein evighet, seier Arne.

På nabobanen spelte Os 2 kamp, og der var ein av tilskodarane lege. Thuen fekk derfor raskt hjelp, også legevakta kom til Kuventræ etter ei stund. Men ambulansen var opptatt så Linn-Helen blei liggande lenge på banen.

– Ho blødde mykje frå kuttet i panna, og var både kald og svimmel, men heldigvis var ho vaken og bevisst heile tida. No har ho sydd og vore gjennom scanning. Ho blir liggande her på sjukehuset i natt, men har det etter forholda bra, seier Arne.

Leia to gongar

Stortalentet Kristine Moberg (16) gav Os leiinga rundt 5 minutt ut i kampen. Fyllingen utlikna på noko som såg ut som fire meter med offside.

Då kampen kom i gang igjen, etter ein dryg halvtime med venting på ambulanse, gjekk dei siste 12 minutta av 1. omgang utan skåringar.

I 2. omgang klarte gjestane både å utlikna og ta leiinga, men Os kom tilbake.

Synne Berg var på eit godt løp då ho i ein duell rett utanfor 16-meteren hamna i bakken. Frisparket sette Malin Moldskred rett i mål.

God sesong

Begge lag hadde fleire store sjansar før kampen var over, men serieavslutninga enda med poengdeling.

Fyllingen vann likevel den toppa haustavdelinga av 4. divisjon, Os, som vann 5 av 7 kampar i vår, kom på 6. plass av dei 10 beste laga so i haust var samla i same avdeling.

Sjå tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.