Thuen skadefri før VM

For første gong sidan 2009 er tidlegare verdsmeister Arne Thuen skadefri. I dag reiste han til VM i Polen, der tre osingar skal kjempa om medalje.

Arne Thuen er skadefri og går for nok ein VM-medalje til peishylla når han denne veka bryter i Polen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. sep. 2013 14:17

Onsdag startar årets VM i handbak. Meisterskapen blir arrangert i den polske byen Gdynia, nær Gdansk.

– No gler eg meg. Vi har hatt ei god oppkjøring i sommar og endeleg, for første gong sidan 2009, er eg skadefri før VM, sa Arne til Midtsiden då han laurdag var på Kuventræ for å sjå nevøen Egil Thuen bli matchvinnar for Os 2.

I dag reiste Arne til Polen saman med klubbkamerat Øyvind Birkeland frå Stord.

Arne Thuen, som blant anna har vunne VM-gull i 2004 og 2005, deltar i klassen grand master -90 kilo.

Birkeland, som er regjerande verdsmeister, deltar i master -90 kilo.

Fire frå Os Håndbakklubb

Frode Veim Haugland og Ronny Bruarøy Risøen måtte dessverre stå over VM i år, men utanom Arne og Øyvind er det to andre deltakarar frå Os.

– Eg deltar i senior -85 kilo, Asle Kvamsdal i -90 kilo, fortel Tore Matre.

Tore og Asle skal bryta fredag og reiser til Polen først onsdag.

– Arne og Øyvind har sjanse på medalje, eg og Asle er nøgd om vi vinn nokre kampar og kjem til kvart- eller semifinale.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.