Ti år med handballskule

Video: Full fart på handballskule for tiande året på rad.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandonsdag 11. okt. 2017 08:44

I 2007 var første gang Os Turn Håndball arrangerte handballskule i Oshallen. Den gangen med femti deltakarar og Gjensidigestiftelsen som hovudsponsor.

No har Gjensidigestiftelsen trekt seg ut, men handballgruppa held stand og har dei tre første dagane i haustferien igjen arrangert handballskule. Blant instruktørane, som i dag speler på dame-, herrelaget og dei eldste aldersbestemte laga, finn ein fleire som var med som deltakarar dei første åra.

– I år er vi 57 barn som er med på skulen. Det er livleg, smiler Gitte Torp, trenar på damelaget og sportsleg ansvarleg for handballskulen medan ungane får servert varm lunsj i klubbhuset.

Mange nye spelarar

Tilbodet om handballskule er ikkje berre eit aktivitetstilbod i haustferien, men også ein rekrutteringsarena av nye handballspelarar.

– Skulen går over tre dager, så i år har eg måtte komprimere innhaldet litt. Vi ønskjer jo at dei skal læra mest mogleg, men vi må skynde oss langsomt. Vi har veldig mange med i år som ikkje har spelt handball tidlegare, fortel Torp.

Handballskulen blir avslutta onsdag, med den tradisjonelle turneringa kor spelarane får prøvd seg på full bane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.