Lokal | 17. des. 2012

Ti år med julekonsert

VIDEO: Kongshaug Musikkgymnas song måndag jula inn for næringsliv og medelevar ved dei andre skulane i Os.

Andris Hamremandag 17. des. 2012 14:03

Ikkje berre fyller Kongshaug Musikkgymnas 50 år i 2012. Måndag sang dei for tiande året jula inn i Os kyrkje.

- Det har blitt ein fin tradisjon å invitere næringsliv og kommunalt tilsette til morgonkonsert like før jul, seier rektor Oddvar Rotvik.

Om lag 160 tilhøyrarar fekk ein varm og stemningsfull start på den siste arbeidsveka før julefeiring og fri.

Viktig relasjonsbygging

Som einaste privatdrive gymnas i Os synast rektor det er kjekt å kunna invitera dei offentlege skulane til ei førjulsstund saman.

- Dette er ei viktig relasjonsbygging mellom institusjonane.

- Elevane har i dag hatt tre konsertar i tillegg til morgonkonserten.

Gjev god erfaring

Både ungdomsskulen, Os Gymnas og Os vidaregåande skule fekk seg ein eksklusiv konsert med Kongshaug-elevane.

- Dette er ein fin arena for å læra seg å opptre og å få meistringsfølelsen.

- I tillegg er det litt ekstra spennande å skulla synga for jamnaldrande, avsluttar Rotvik med eit smil.

VIDEO, 4:30: Sjå og høyr glimt frå konserten for Os gymnas måndag (Foto: Andris Hamre/Midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.