Lokal | 30. apr. 2019

Ti reaksjonar og éin førar som blei meldt

Statens vegvesen har hatt to kontrollar i Os i dag. Her er fangstrapporten.

Ti reaksjonar og éin førar som blei meldt
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. apr. 2019 18:55

Statens vegvesen har hatt trafikkontroll både på Ulvensletta og på E39 i Hjellemarka i dag.

– Med trafikktryggleik i fokus kontrollerte vi vekt, lastsikring og kjøre- og kviletid, fortel John Kåre Larsen.

Til saman 53 køyretøy blei vinka inn på dei to kontrolplassane, alle førarane og 18 av køyretøya blei kontrollert.

3 av 5 med brot på køyre- og kviletida

Éin av dei blir meldt for ikkje å ha gyldig yrkessjåførutdanning, det blei skive eitt gebyr for ikkje medbragt førarkort og eitt for manglande vognkort.

Det blei gjennomført 5 køyre- og kviletidskontrollar. Her blei det delt ut til saman 3 skriftlege åtvaringar.

– Det blei skrive éin rapport på ikkje godkjend lastebilkran, éin fekk bruksforbod på overlast og det blei skrive 3 tekniske manglar for blant anna lys og skadd dragband på lufttank, opplyser Larsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.