Korona | 18. aug. 2021

Ti smittetilfelle i går - no blir det møte i KKL

Kommunal kriseleiing vurderer lokale tiltak.

Ti smittetilfelle i går - no blir det møte i KKL
Kommuneoverlege Klaus Melf og ordførar Trine Lindborg, her saman med vaksinekoordinator Nina Oen på ein pressekonferanse tidlegare i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. aug. 2021 08:33

10 personar i Bjørnafjorden kommune fekk påvist covid-19 i går, tysdag 17. august.

Også måndag var det 10 nye smittetilfelle. Laurdag var det 5 nye, fredag 12.

Seks av dei smitta tysdag er elevar frå barneskulealder til vidaregåande, men berre éin av dei har vore på skulen, og vedkomande fekk avdekka smitte ved hurtigtest før skulestart.

Resten er i 20- og 40-åra.

Kommunal kriseleiing (KKL) skal møtast i ettermiddag for å diskutera aktuelle tiltak grunna dei høge smittetala den siste tida.

– Smitteutviklinga i Bjørnafjorden er betydeleg, og dessverre i takt med smitteutviklinga i heile Vestland fylke, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

– Tala vi ser er ein konsekvens av at folk har vore på ferie og gjerne tatt lett på smittevernet. Når vi vender tilbake til kvardagen, ser vi dessverre at smitten spreier seg.

– Difor er det så viktig at vi held oss heime og testar oss dersom vi har symptom. Ingen med luftvegssymptom skal gå i barnehagen, på skulen eller på jobb.

Ein negativ hurtigtest er slett ingen garanti for at du ikkje er smitta.

– Dersom du utviklar symptom etter at du har fått negativt svar på ein hurtigtest, held du deg heime og tar ny test, seier Melf.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.