Politi | 26. mai 2025

Ti tatt i fartskontroll

Største førelegg var på 3250 kroner.

Ti tatt i fartskontroll
Politiet hadde kontroll i 70-sona på Halhjemsvegen fredag. Mange køyrde litt for fort. Arkivfiti: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 26. mai 2025 09:12

Politiet har i helga vore kopla inn i samband med ein havarert lastebil i Liafjellstunnelen, brannvesenet har sløkt eit større bål mens skogbrannfaren var på sitt tørraste.

Meir om desse i eigne saker under.

Fredag formiddag gjennomførte UP ein trafikkontroll på E39 Halhjemsvegen.

– 10 førarar fekk forenkla førelegg, opplyset politioverbetjent Atle Birkeland.

Høgaste målte fart var 80 km/t i 70-sona. Det kvalifiserer for 3250 kroner i førelegg.

52 førarar blei kontrollert for promille utan at det førte til reaksjonar.

Natt til laurdag blei ein MC-førar kontrollert på Moberg.

– Eigar må utbetra fleire tekniske feil, blant anna manglande DB-killer.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.