Sport | 13. juni 2012

Ti turar som er topp

Tar du ti fjelltoppar rundt Os kan du kalla deg ein jaktfalk. Vel du halvparten blir du ein vandrefalk.

Ti turar som er topp
Tore Njøten inviterar osingane til å gå til merka jaktfalken og vandrefalken (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 13. juni 2012 19:35

I ei årrekkje har Hegglandsdalen IL stått for turmerka vandrefalken og jaktfalken. For å få desse må du gå på fem eller ti av dei høgaste toppane i og rundt Os.

- Kvar år er det om lag 60 personar som kjøper kort og går til eitt av krava, fortel sjefsfalk Tore Njøten.

For Njøten starta det med at han budde i Dalen og ville sjå om han klarte å ta dei fem toppane i vandrefalken i løpet av éin dag.

- Eg klarte det på rundt 11 timar. Eg var visstnok ein av dei første som hadde gjort det, seier Njøten.

Lagar merka sjølv

Då Finn Moe fekk høyra om Njøten sin prestasjon utpeika han med ein gong Njøten til ansvarleg for å halda postkassar og klippetenger på toppane i stand. Etterkvart fekk han òg ansvaret for merka og klippekorta.

- Merka oppdaterer eg sjølv heime på kjøkkenbordet, fortel den tidlegare gullameden.

Merka oppdaterer han med årstal på slik at du kan sjå kva år du har gått turane.

Desse toppane må du gå om du vil bli ein vandrefalk:

Svinningen (843 moh), Møsnuken (640 moh), Midtsæterfjellet (604 moh), Rødsfjellet (526 moh) og Lyshornet (404 moh).

- Det var med vandrefalken det heile starta. Etterkvart blei det så populært at idrettslaget bestemte seg for å utvida med fem toppar til og laga jaktfalken.

For å bli ein jaktfalk må du i løpet av sesongen i tillegg gå:

Søtefjellet (769 moh), Renafjellet (713 moh), Gråfjellet (487 moh), Ørnahaugen (396 moh) og Borgafjellet (353 moh).

- Gå no!

På spørsmål om kva som er den finaste turen er ikkje Njøten i tvil.

- Gå frå Midtsæterfjellet til Svinningen no rundt St. Hans.

- No er det lyst nesten heile natta. Tar du det som ein natt-tur kan du få med deg sola som går ned i havet og sjå ho stig opp igjen over fjella.

- Det er ei heilt magisk oppleving, fortel ein entusiastisk Njøten.

I tillegg til å få ei magisk oppleving plukkar du òg med deg fleire av toppane du må innom for å bli ein jaktfalk.

Korta du treng kostar 75 kroner og er for sal hos Jernia P.M Sælen. Du treng ikkje gjera som Njøten, å ta alle toppane på éin dag, men spre dei gjerne over heile sommaren. Turane egnar seg òg for familiar og born, om du tar tida til hjelp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.