Tid for ein klem?
Nye besøksrutinar: Forskjell på vaksinerte og uvaksinerte bebuarar.
– Å få besøk av fleire slektningar og vener er nok blant det bebuarane saknar mest, sa sjukeheimoverlege Maren Nygard til Midtsiden i førre veke.
Alle bebuarar som takka ja til vaksine fekk dose to for to veker sidan, og er no fullbeskytta. Det gjekk mot lettare reglar, og spesielt det å auka frå to faste personar til å kunna ta imot fleire.
I dag er nye reglar på plass.
– Med fleire koronavaksinerte bebuarar og besøkande, kan vi heldigvis gjera besøksrutinane ved sjukeheimane våre noko enklare, skriv Bjørnafjorden kommune.
Den største forskjellen er at kven som helst av symptomfrie slektningar og vener no kan koma på besøk.
Vaksinerte bebuarar kan ha nær fysisk kontakt, til dømes gi ein klem, til eit avgrensa tal uvaksinerte besøkande. Desse må vera dei same over tid.
Dersom både bebuaren og dei besøkande er vaksinerte, er det ikkje restriksjonar på talet besøkande.
Uvaksinerte bebuarar bør unngå tett kontakt ansikt til ansikt.
Alle bebuarar kan ta imot gåver, blomar og liknande.
Sjå oversikt over reglane og kontaktinformasjon til avdelingane på kommunen sine heimesider.
Det er ikkje skrive noko om kor tid desse nye reglane trer i kraft, så vi kan truleg rekna med at dei allereie er gjeldande.