«Tid for hjem» besøkte Mjelva-gutane

Sonen Henrik (16) søkte TV2 om interiørassistanse. I morgon kan du sjå Bjørn Mjelva si stove bli ny.

Tid for hjem-Kjersti opplever veksande sjåartal i sin 11. sesong med oppussing på TV2. (Foto: TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. feb. 2015 10:44

Bildeserie:

– Dei fekk frie tøylar, fortel Bjørn, som var lei av all furupanelen. (Foto: Pandora Film/TV2)
Henrik Mjelva sendte søknaden, pappa Bjørn fekk hakeslepp då dei ringte. (Privat foto)
Tysdag kveld kan du sjå denne stova bli ny. (Foto: Pandora Film/TV2)
– Dei fekk frie tøylar, fortel Bjørn, som var lei av all furupanelen. (Foto: Pandora Film/TV2)
Henrik Mjelva sendte søknaden, pappa Bjørn fekk hakeslepp då dei ringte. (Privat foto)
1 av 3
Henrik Mjelva sendte søknaden, pappa Bjørn fekk hakeslepp då dei ringte. (Privat foto)
Tysdag kveld kan du sjå denne stova bli ny. (Foto: Pandora Film/TV2)
– Dei fekk frie tøylar, fortel Bjørn, som var lei av all furupanelen.  (Foto: Pandora Film/TV2)

Tysdag viser TV Tid for hjem frå ei stove på Søfteland i Os. Bjørn Mjelva og sonane Thomas, Henrik og Erik har fått ny stove.

– Pappa har sagt så lenge at han er lei av all furuen, fortel Henrik, som i sommar var ein av mange som søkte Kjersti Bergesen og resten av det sjarmerande Tid for hjem-mannskapet om hjelp.

– Vi kan få opptil 2000 søkjarar i året, men det var noko med denne søknaden vi falt for. Vi trengte ei stove til, og denne fantastiske familien var veldig kjekk å besøka, seier Bergesen til Midtsiden.

Ei overrasking på terrassen

Bjørn fortel at han fekk hakeslepp då TV2 ringte han.

– Dei var tydelegvis fascinert av den unge søkjaren, men sidan han ikkje er myndig så ringte dei til meg. Eg har alltid vore ein stor fan av programmet, så vi blei veldig glade.

Ei gledeleg overrasking fekk også handverkarane i Tid for hjem. Då dei på seinsommaren kom til Søfteland for å starta på prosjektet oppdaga dei ein uteplass som såg kjent ut.

– Eg følgte oppskrifta frå eit prosjekt Tid for hjem hadde for nokre år sidan og bygde ein liknande uteplass. Kjersti kjente den igjen med éin gong. Eg trur ho syntest det var litt kjekt å sitja på «sin eigen» terrasse og sy puter til stova mi, humrar Bjørn.

Gamal travar med nye sprang

Programmet er i sin 11. sesong, men opplever likevel nye rekordar i sjåartal.

– Det er veldig kjekt at eit veletablert program frå Bergen gjer det så bra etter så mange år.

– Kjersti har vore med i alle ledd av produksjonen heilt frå start. Og så har ho med seg eit veldig fint team, seier kommunikasjonsrådgjevar Katrine Wergeland.

Sjølv synest Bergesen det er vanskeleg å kommentera eller seia noko om årsaka til suksessen.

– Vi er ein gjeng som liker å jobba og som har det veldig gøy i lag. Folk er tydelegvis interesserte i interiør og det er hyggeleg at dei liker det vi gjer, seier ho.

Fekk frie tøylar

Mjelva veit at designarane og handverkarane i Tid for hjem ikkje har problem med å sleppa seg laus, og at mange blir overraska når dei får sjå resultatet. Men har var ikkje skeptisk til å sleppa andre til i huset sitt.

– Eg synest dei er veldig flinke og dei fekk full tillit og frie tøylar.

Sjølv tok han med seg gutane og budde frå måndag til fredag i huset til venane Bibbi og Piddi Gaassand eit par kilometer frå heimen.

– Huset ligg utanfor mobildekning, så det blei nokre ekstra avslappande dagar. Då vi kom heim fredag midt på dagen blei vi både overraska og imponert, det er utruleg kva Kjersti med mannskap klarer å få utretta på 4,5 dagar, seier Bjørn Mjelva.

Tysdag kveld kan du sjå sendinga, resultatet og Mjelva-gutane sin reaksjon på TV2.

– Vi likte å vera der og vi håper gutane trivst i si nye stove, seier Kjersti.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.