Fritid | 06. mai 2024

Tidleg marsj i år òg

Lysøen rundt går før 17. mai i år òg.

Tidleg marsj i år òg
Lysøen har 13 kilometer med turstiar, fleire meter er i spennande terreng. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. mai 2024 09:16

Lysøen rundt blir arrangert for 29. gong i år. Tidlegare har marsjen gått første søndag etter 17. mai, i år som i fjor blir det i forkant.

Årets marsj går av stabelen søndag 12. mai.

Marsjen har start og mål ved Gamletunet, som ligg nær kaien, mens villaen framleis er under restaurering.

Lysøya har heile 13 km med gode stiar, fleire av dei dekte med kvit skjelsand.

Det blir nok få ensomme stunder på Lysøya søndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det blir nok få ensomme stunder på Lysøya søndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Deltakarane går på merkte delar av turveg og stiar, og møter konkurransepostar på vegen, seier Bjørn Laastad, styremedlem i Lysøens Venner.

Dei er arrangør saman med Lysekloster idrettslag.

Alle får deltakarnummer, i tillegg blir det trekt premiar på startnummer.

– Folk kan starta kor tid dei vil mellom klokka 09 og 15. Skyssbåten Ole Bull går fram og tilbake frå klokka 09 til siste retur klokka 16.30.

Ungar under 18 år reiser gratis, vaksne kan kjøpa billett på nett på forhånd.

Arrangørane stiller med parkeringsvaktar på og rundt Buena.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.