Tidleg vårteikn
Årets russ har starta aktiviteten i rundkjøringa ved Uno X uvanleg tidleg i år.

Bildeserie:
Torsdag kveld sat to jenter ivrig opptatt i rundkjøringa ved Uno X.
- Vi trudde du var politi, sa Merethe Svendal og Marita Jørgensen då Midtsiden.no stoppa for å ta bilde.
Patruljen hadde kjørt forbi rett før, men irriterte seg tydelegvis ikkje på jentene, som er russ seinare i år.
- Vi fekk berre lyst til å bygga ein snømann. Snøen er tørr, så vi må nok opp på Meny for å kjøpa vatn. Og ei gulrot til nase.
Seinare på kvelden sto snømannen, eller rettare sagt; dama, ferdig. Med handlevogn pynta med Meny-posar.
- Vogna og posane fekk vi låna hos butikken, gulrota fekk vi også, fortel Marita.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.