Sport | 22. mars 2021

Tidlegare start på fiskesesongen

I år blir fiskesesongen framskynda.

Tidlegare start på fiskesesongen
Grunna tørke og lite vatn i Oselvo i 2018, måtte Roald Helle til Aurlandselvi for å fiska. (Foto: Privat foto)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandmandag 22. mars 2021 14:57

Dei siste åra har sesongen i Oselvo starta 15. juni og blitt avslutta 15. september. I år blir dette endra på, og sesongstart blir tysdag 1. juni med fiske ut august.

– Denne endringa er heilt grei. Vi har vore gjennom ein del høyringsrundar, og det er litt utfordringar med lus i fjorden. Men vi er glade for at det blir sesong, og at vi startar samtidig med dei fleste andre elvene i landet, seier Roald Berge Helle, formann Osvassdragets forvaltningslag.

Sesongen 2020 vart det fiska til saman 719,3 kilo villaks.

Dette vart tredje året med auke i fangst, til samanlikning blei det tatt 647,5 kilo i 2019 og 545,4 kilo i den rekordtørre sommaren i 2018.

Noregs tidlegaste elv

Frå tidlegare har Oselvo hatt sesongopningar i april.

– Oselvo er jo veldig basert på nedbør for å få nok vassføring, og det har prega fangsten. Dei siste åra har vi hatt størst fangst i siste halvdelen av sesongane. Tidlegare opna Oselvo i april og det vart tatt laks i april, så det viser at det går fisk sjølv om det er tidleg.

– Oselvo har frå tidlegare år faktisk vore kjent som Noregs tidlegaste elv, fortel Helle.

Remi Bårtvedt med fjorårets «Oskar», ein laks på 6,1 kilo. (Privat foto: Tore Moberg)
Remi Bårtvedt med fjorårets «Oskar», ein laks på 6,1 kilo. (Privat foto: Tore Moberg)

Fjerning av stemme

Sjøauren er populær for dei som er glad i å fiska i elv. Den har vore freda i Oselvo dei ti siste åra. Det er fleire faktorar som kan avgjera om det blir opna for fiske igjen, eller om den går inn i sitt ellevte fredningsår.

– Vi ventar framleis på tal frå video-overvåkinga, men håper sjølvsagt å få på plass desse tala før sesongstart. I tillegg har vi inne ein søknad om å få fjerna ei stemme i Valleelvo. Denne stemma hindrar fisk å gå opp i elven, og den har i tillegg rast saman.

– Men viss vi fjernar denne stemma, så blir det ei lita avveiing om vi skal gi fisken litt ekstra tid til å etablera seg der, forklarer Helle.

Treig og krevjande teljing

Men Helle poengterer uansett at det vil bli ei beskjeden fangstmoglegheit på sjøauren, om det skulle bli opna for fiske på «elvens makrell».

– Teljinga på sjøaurebestanden har vore krevjande. Det er mange elver dei skal gjennom og vi har endå ikkje fått noko svar på status her hos oss.

– Det er mogleg at det blir fiske på sjøauren i år, men då må tala vera gode. Det vil uansett vera eit lågt fisketal, vi snakkar mest sannsynleg under ti prosent av bestanden. Blir teljinga frå i fjor på 1000, så snakkar vi om ei fangstmoglegheit på kring 80 fisk.

Video av fisk som går opp i elvo. (Foto: Skjermskot)
Video av fisk som går opp i elvo. (Foto: Skjermskot)

Kan hjelpa rekrutteringa

– Det er klart at hvis vi klarar å auka bestanden til sjøauren og den blir meir tilgjengeleg i sone 0, så vil det bli enklare for dei yngre å få fangst. Hvis ungdomar kan få sjøaure på dubb og makk langt nede i elven, så er det jo det det faktisk byrja med for dei etablerte fiskarane som vi no ser oppe i elven.

– Pluss, vi ser ein trend på at sjøauren er i ferd med å bli meir populær blandt sportsfiskarane, enn det laksen er. Så dette er veldig viktig for elven og noko vi jobbar hardt for å få ordna, seier Helle.

Mykje søppel

Etter fleire dugnader i elven og i fleire av sidebekkane til elven, blir det mykje fangst med negativ forteikn.

– Det er skuffande mykje søppel som havnar i elven vår. Alt frå syklar, bildekk, flatskjermar og diverse anna søppel som ikkje høyrer heima i ei elv. Det er nokre plassar som er verre enn andre plassar, men vi må berre ta tak i det så godt vi kan, avsluttar Helle.

Det er mykje søppel som finn vegen til Oselvo. (Foto: Roald Berge Helle.)
Det er mykje søppel som finn vegen til Oselvo. (Foto: Roald Berge Helle.)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.