Lokal | 08. feb. 2020

Tigga pengar, slo i bil og kasta blomsterpotter

Politiet køyrde ein ung mann i arresten fredag kveld.

(Ill. foto: Midtsiden)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 08. feb. 2020 09:37

Fredag kveld fekk politit melding frå fleire personar om ordensforstyrrelse i Os sentrum.

– Ein mann skal ha sparka rundt seg og kasta blomsterpotter, fortel vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Eit vitne som kontakta Midtsiden fredag kveld, fortel at han først hadde tigga pengar til mat. Då dei to venninnene sa nei, var han etter den eine av dei.

Dei sat i ein bil, og han hamra hardt på glaset. Han nekta å flytta seg fram til dei tok opp telefonen og ringte politiet.

– Då hamna han i bråk med nokre andre han møtte rett bortanfor.

Mannen framsto som rusa. Politiet tok han med til overnatting i arresten. Vedkomande er i 20-åra, og ikkje frå Os.

Politiet vil ikkje seia om dette samme person som låg i vegen og urinerte oppetter bilar på Moberg for tre veker sidan.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.