Kultur | 20. juni 2020

Til finalen med denne videoen

Før Os Musikkforening går på scenen i Oseana i morgon, er avstemminga over.

Til finalen med denne videoen
Bonderomanikk i skjergarden på Os Musikkforening sin video. (Skjermskudd, foto: Asle Bentzen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. juni 2020 16:43

Oseana sitt sommarprogram speler vidare, og denne helga er det korps på plakaten. I ettermiddag har Os skulekorps og Lyshornet skulebrass halde konsert (vi kjem tilbake med video og bildeserie), i morgon går Os Musikkforening på scenen med konserten «Gjensynsglede».

Før konserten kan dei voksne korpsmusikantane gle seg over å ha tatt seg til finalen i den landsdekkande konkurransen VIVO.

Os Musikkforening fekk verken spela Før-NM-konserten i Oseana eller delta i sjølve NM Janitsjar i Trondheim, grunna koronapandemien.

Frå opprykk til videokonkurranse

OMF skulle spela i 1.divisjon for første gong på over 30 år.

Men Norges Musikkorps Forbund har halde korpsa skjerpa ved å arrangera VIVO.

Asle Bentzen har laga videoen som sendte Os til finalen.

Berre åtte korps er i finalen, og vinnar blir avgjort ved avstemming på nett. Frist for å stemma er klokka 12 søndag.

I ruta under (og på Youtube) ser du videoen som sendte Os Musikkforening til finalen.

Konserten i Oseana søndag startar klokka 16.

Os Musikkforening fortel at konserten vil innehalda vakker, livleg og noko kjent musikk.

OMF blir leia av dirigent Magnus Brandseth, konserten blir leia av æresmedlem Karl Ole Midtbø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.